François Viète

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
François Viète

Fødd1540
Fontenay-le-Comte
Død13. desember 1603
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdealgebra, kryptografi, geometri, matematikk
Yrkematematikar, kryptograf, advokat
InstitusjonarAntoinette d'Aubeterre
Henrik III av Frankrike
Henrik IV av Frankrike
Alma materUniversité de Poitiers

François Viète (154023. februar 1603) var ein fransk jurist og matematikar.

François Viète kom frå Vendée, vest i Frankrike. Han var utdanna advokat, og i løpet av livet arbeidde han som rådgjevar for både Henrik III og Henrik IV.

François Viète gjorde fleire viktige oppdagingar innan både trigonometri, algebra og bokstavrekning. Han vert i dag sett på som grunnleggjaren av det moderne matematiske teiknspråket. Fleire av teikna som han innførte er enno i bruk i moderne matematikk. Læreboka hans, Opera mathematica vart utgjeven i 1646, over 40 år etter han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne matematikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.