Freddy de Ruiter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Freddy de Ruiter

Freddy de Ruiter (fødd 4. april 1969 i Arendal) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Aust-Agder i 2005. Før det var han vararepresentant i periodane 1993–1997 og 1997–2001.

Freddy de Ruiter er utdanna cand.mag. frå Universitetet i Oslo og i Bergen med mellomfag i historie og statsvitskap. Han arbeidde som lærar/adjunkt 1998–2005. Han har òg tidlegare arbeidd som fylkessekretær i Aust-Agder AUF (1993–96 og 1997–98). Han var medlem av Arendal bystyre frå 1991 til 1995 og Aust-Agder fylkesting i alle periodar frå 1995 til 2007. De Ruiter var medlem av sentralstyret i AUF frå 1996 til 1998 og var leiar av Arendal Ap frå 2004 til 2005. På Stortinget er han medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]