Freden i Haag i 1720

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Freden i Haag eller Haag-traktaten vart signert den 17. februar 1720. Avtalen enda kvadrupelalliansekrigen, ein konflikt som oppstod mellom kong Filip V av Spania og ein allianse av Storbritannia, Frankrike, Austerrike og Dei sameinte Nederlanda.

Filip vart stadfesta konge av Spania med freden i Utrecht i 1713, som enda den spanske arvefølgjekrigen. Men i avtalen mista Spania områda sine i Italia og Nederlanda. Filip, som ønskte å vinne attende dei tidlegare områda i Italia, invaderte Sicilia i 1718, som hadde vorte avstått til hertugdømet Savoie. Som svar vart kvadrupelalliansen danna og Spania vart slått.

I freden i Haag gjekk Filip med på å avstå dei italienske krava sine, men vann forsikring frå Austerrike om at sonen hans Karl skulle ta over hertugdømet Parma om Farnese-linja døydde ut. Dette skjedde i 1731, men Filip braut avtalen under den polske arvefølgjekrigen, då spanske styrkar invaderte Sicilia. Sicily.

I ein annan del av freden i Haag gjekk hertug Victor Amadeus II av Savoie med på å byte Sicilia med øya Sardinia med Austerrike. Etter dette vart han kjend som konge av Sardinia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]