Freden i Passarowitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Passarowitz-traktaten, freden i Passarowitz eller Požarevac-traktaten var ein fredsavtale signert i Požarevac (serbisk Пожаревац, tysk Passarowitz, tyrkisk Pasarofça), ein by i Det osmanske riket (dagens Serbia), den 21. juli 1718 mellom Det osmanske riket på den eine sida og Habsburgmonarkiet av Austerrike og Republikken Venezia på den andre.

I løpet av åra 1714-1718 hadde osmanarane hatt suksess i krig mot Venezia i Hellas og på Kreta, men vart slått i Petrovaradin (1716) av dei austerrikske styrkane til prins Eugene av Savoie.

Avtalen synte den militære situasjonen. Det osmanske riket tapte Banat og det søraustlege Syrmia, nordlege delar av dagens Sentral-Serbia (frå Beograd til sør for Kruševac), ei tynn stripe av det nordlege Bosnia og Vesle-Valakia (Oltenia) til Austerrike. Venezia avstod Peloponnes-halvøya (Morea på italiensk) og Kreta, som dei hadde fått med freden i Karlowitz, og fekk berre behalde Dei joniske øyane, byane Préveza og Árta og Dalmatia.

Resultatet av avtalen vart Habsburg igjen tok kontroll over Serbia, som dei hadde hatt for ein perioden under den store tyrkiske krigen mellom 1689 og 1681, og oppretta Kongedømet Serbia som kronland, som sidan vart avstått til osmanarane med freden i Beograd, som omgjorde delar av Passarowitz-traktaten. Etter freden i Passarowitz, vart det òg oppretta ein habsburgsk kronland kalla Banatet Temeswar.

Det nordlege Bosnia, Serbia med Beograd, sørlege delar av Banatet Temeswar og Vesle-Valakia gjekk attende til Det osmanske riket i 1739 med freden i Beograd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Freden i Passarowitz