Freden i Rastatt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Freden i Rastatt frå 7. mars 1714 enda fiendskapen mellom Frankrike og Austerrike mot slutten av den spanske arvefølgjekrigen. Han supplerte freden i Utrecht, som året før hadde enda fiendskapen mellom Frankrike på den eine sida og Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda på den andre. Ein tredje avtale, freden i Baden, måtte til for å ende krigen mellom Frankrike og Det tysk-romerske riket.

I 1713 og 1714 vart freden i Rastatt forhandla fram av den franske marskalken Claude Louis Hector de Villars og den austerrikske prinsen Eugene av Savoie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]