Freden i Stockholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stockholm-traktaten var to avtalar som vart signert i 1719 og 1720 og som enda krigen mellom Sverige på den eine sida og Hannover og Preussen på den andre. Då Karl XII av Sverige døydde i 1718 vart det tydeleg at den store nordiske krigen nærma seg slutten. Etterfølgjaren Fredrik I starta å forhandla fram avtalane. Dei siste restane av konflikten vart løyst då Frederiksborg-traktaten med Danmark-Noreg vart underteikna i 1720 og freden i Nystad med Russland i 1721.

Avtalen med Hannover[endre | endre wikiteksten]

I avtalen med Hannover frå den 9. november 1719 avstod Sverige Bremen-Verden.

Avtalen med Preussen[endre | endre wikiteksten]

Den 21. januar 1719 avstod Sverige Svensk Pommern sør for elva Peene og aust for elva Peenestrom til Preussen, inkludert øyane Usedom og Wollin og byane Stettin (Szczecin), Damm og Gollnow.[1] Avtalen vart formalisert i 1720 og tredde i kraft då Fredrik Wilhelm I av Preussen gav ut eit patent som erklærte at dei avståtte områda vart ein del av Preussen den 29. mai 1720.[1] Delane av Svensk Pommern som vart verande ein del av Sverige var då under dansk okkupasjon og vart gjeve attende til Sverige i Frederiksborg-traktaten den 3. juli 1720.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Heitz (1995), s.244