Freden i Traventhal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Traventhalhuset

Freden i Traventhal var ein fredsavtale under den store nordiske krigen den 8. august 1700 mellom Det svenske imperiet, Danmark-Noreg og Holstein-Gottorp i Traventhal.[1]

Danmark måtte gje frå seg Holstein-Gottorp til hertugen her, som var alliert med svenskane, og dei måtte forlate alliansen mot Sverige. Danmark-Noreg gjekk først inn i krigen etter at svenkane tapte i slaget ved Poltava i 1709.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1698 og 1699, gjekk Peter den store frå Russland, August den sterke frå Sachsen og Polen-Litauen og Kristian V og etterfølgljaren hans Fredrik IV av Danmark-Noreg til eit tredobbelt åtak mot Det svenske imperiet,[2] der den unge Karl XII hadde teke over trona i 1697.[3] Holstein-Gottorp, like sør for Danmark var knytt til Sverige gjennom ekteskapet mellom hertug Fredrik IV og Hedvig Sophia, dotter til Karl XI av Sverige, i 1698.[3] Dei danske styrkane gjekk inn i Holstein-Gottorp i mars 1700 og krinsette festninga i Tönning, medan August den sterke rykte inn i Svensk Livland.[2]

I mellomtida hadde Sverige forhandla fram støtte frå dei maritime maktene Nederland og Storbritannia mot eit dansk åtak på Holstein-Gottorp. Slike åtak braut Altona-konvensjonen frå 1689, der dei maritime maktene stilte som garantistar.[4] I tillegg førebudde dei maritime maktene seg på krig i den spanske arvefølgjekrigen og var derfor imot enno ein krig i Austersjøen.[5] Med hjelp av marinane til nederlendarane og britane, sette den svenske flåten i land ein 10 000 mann stor hær utanfor København. Dette var eit overraskande grep og utan sjanse til å forsvare hovudstaden, måtte Fredrik IV av Danmark-Noreg gjere fred.[4] Så snart krigen såg ut til å ta slutt, trekte dei maritime maktene fartøya sine ut og gjorde det klart at dei ikkje ønskte av Sverige skulle erobra og annekterte Danmark.[6]

Avtalen[endre | endre wikiteksten]

I Traventhal gjekk Danmark ut av den store nordiske krigen[7] og gjorde seg forplikta til å ikkje gå inn i ein konflikt med Sverige.[1] I paragraf XIII, lovde kongen av Danmark-Noreg i sitt eige namn og etterfølgjarane hans at dei ikkje skulle gå inn i fiendskap med Sverige eller deira allierte, eller på nokon måte støtte fiendane til Sverige, samt overhalde alle tidlegare dansk-svenske avtalar.[nb 1] Hertugen av Holstein-Gottorp fekk attende suvereniteten sin og i avtalen var detaljar på korleis armear og festningar skulle haldast i området.[5] I tillegg skulle Holstein-Gottorp få ein økonomisk kompensasjon frå Danmark for krigskostnadande, og danskane måtte betale 260 000 riksdalar.[8]

Paragraf XIV nemner Frankrike, den tysk-romerske keisaren, hertugane i Det tysk-romerske riket og garantistane i Altona-konvensjonen[nb 2] som garantistar for avtalen. Garantistane Dei sameinte provinsane og Storbritannia for avtalen vart stadfesta på ny i avtalen signert etter dronning Anne tok over trona i Storbritannia i 1702.[9]

Konsekvensar[endre | endre wikiteksten]

Då Traventhal-avtalen vart signert, hadde ikkje felttoget til August den sterke i Svensk Livland oppnådd særleg til resultat. Sjølv om Dünamünde var erobra og hadde fått namnet Augustusburg, klarte han ikkje å ta Riga eller å få støtte frå den lokale adelen. I tillegg hadde ikkje Russland enno gått inn i den store nordiske krigen fordi dei var opptekne med den russisk-tyrkiske krigen fram til freden i Konstantinopel sette dei fri utpå sommaren.[4] August reagert på Traventhal-avtalen med å gå inn i forhandlingar med Frankrike og Brandenburg-Preussen og ask be dei mekle fram ein våpenkvile med Sverige. Karl XII av Sverige avslo derimot tilbodet og nekta å gå inn i forhandlingar så lenge dei saksiske styrkane framleis var i Livland. Peter den store hadde ei meir likegyldig haldning og marsjerte soldatane sine mot svenske Ingermanland, slik Preobrazjenskoje-traktaten sa.[10]

Så snart Danmark var ute av krigen, kunne Karl XII raskt flytte armeen sin frå Danmark til Baltikum.[4] Dei russiske styrkane gjekk inn i Ingermanland og kringsette Narva i oktober, medan August den sterke førebudde vinterkvarter i Livland. Den 30. november klarte armeen til Karl XII å frigje Narva før han vendte sørover for å tvinge styrkane til August den sterke ut av Livland. Han jaga dei og slo dei slutt i Kliszow og Fraustadt dei neste åra, og tvinga dei ut av krigen med Altranstädt-traktaten i 1706.[11] Lukka snudde først i 1709, då den siste fienden til Karl XII, Peter den store, klarte å knuse svenskane i Poltava og sendte svenskekongen i eksil til Bender i Det osmanske riket.[12] Danmark og Sachsen braut så Traventhal- og Altranstädt-avtalane og gjekk inn i krigen att.[13]

Fredrik IV av Danmark hadde nytta fredsperioden til å reformere den danske armeen. I staden for å nytte seg av leigesoldatar, bestod armeen no av bønder som dei danske landeigarane gav. Leigesoldatarmeen eksisterte framleis og kjempa på dei maritime maktene si side under den spanske arvefølgjekrigen mot roi soleil Ludvig XIV av Frankrike. Fredrik utførte òg sivile reformer og avskaffa mellom anna liveigenskap. Då han gjekk inn i den store nordiske krigen att, var leigesoldatane hans framleis i Frankrike, men dei returnerte og deltok i krigen i 1713.[14]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Travendahlischer Friede, Artikel XIII:

    "[...] Insonderheit wollen Ihro Königl. Maj. zu Dennemarck-Norwegen ec. vor sich und Dero Successores hiemit versprochen haben daß sie [...] gegen Ihro Königl. Maj. zu Schweden [...] weder selbst etwas Thätliches vornehmen noch andern, die solches thun oder thun möchten, mithin dero Feinden und Widerwärtigen, auf keinerley Weise mit Rath und That Hülffe noch Vorschub, directe noch indirecte leisten, sondern vielmehr ohnangesehen alles dessen, so biß anhero verhandelt, vorkommen und passiret, mit denenselben und zwar was in specie Ihro Maj. und die Cron Schweden belanget, nach Inhalt der zwischen beyden Nordischen Königen und Reichen vordem errichteten Pacten und Frieden-Schlüßen ein beständiges gutes Freund-nachbarliches Vernehmen unterhalten wollen. Hingege(n) wollen Ihr. Kön. Maj in Schweden und Hochgedachtes Durchl. Haus sich auf gleiche Weise gegen die Cron Dennemarck betragen [...]."

  2. , i.e., Dei sameinte provinsane (Nederland) og Storbritannia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Peace of Travendal» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Derry, Thomas Kingston (2000). History of Scandinavia: Norway, Sweden, Denmark, Finland and Iceland. University of Minnesota Press. ISBN 0816637997. 
    • Frost, Robert I (2000). The Northern Wars. War, State and Society in Northeastern Europe 1558-1721. Longman. ISBN 978-0-582-06429-4. 
    • Oakley, Steward (1992). War and peace in the Baltic, 1560-1790. War in Context. Abingdon - New York: Routledge. ISBN 0415024722. 
    • Hartmann, Stefan (1983) (på German). Neue Forschungen zur brandenburg-preußischen Geschichte Band III. Veröffentlichungen aus den Archiven Preußischer Kulturbesitz. 14. Böhlau. ISBN 3412003832. 
    • Peterson, Gary Dean (2007). Warrior kings of Sweden: the rise of an empire in the sixteenth and seventeenth centuries. McFarland. ISBN 0786428732. 
    • Weigley, Russell Frank (2004). The age of battles: the quest for decisive warfare from Breitenfeld to Waterloo. Indiana University Press. ISBN 0253217075. 
  1. 1,0 1,1 Weigley (2004), s.108
  2. 2,0 2,1 Frost (2000), s.228
  3. 3,0 3,1 Frost (2000), s.227
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Frost (2000), s.229
  5. 5,0 5,1 Derry (2000), s.154
  6. Peterson (2007), s.247
  7. Oakley (1992), s.XVII
  8. Hartmann (1983), s.24
  9. Peterson (2007), s.258
  10. Oakley (1992), s.114
  11. Frost (2000), s.230
  12. Frost (2000), s.231
  13. Frost (2000), p.294
  14. Derry (2000), s.155