Freden i Utrecht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Førsteutgåva av Utrecht-traktaten

Utrecht-traktaten, som oppretta freden i Utrecht, bestod av ei rekkje individuelle fredsavtalar og ikkje eitt enkelt dokument, signert av dei krigførande maktene i den spanske arvefølgjekrigen. Han vart signert i den nederlandske byen Utrecht i mars og april 1713. Avtalane mellom fleire europeiske statar, inkludert Spania, Storbritannia, Frankrike, Portugal, Savoie og Dei sameinte Nederlanda, var med på å endre krigen. Avtalane vart skriven under av representantar for Ludvig XIV av Frankrike og Filip V av Spania på den eine sida og representantar for dronning Anne av Storbritannia, hertugen av Savoie, kongen av Portugal og Dei sameinte provinsane på den andre sida.

Avtalen enda dei franske ambisjonane til Ludvig XIV i krigen og bevarte det europeiske systemet basert på maktbalanse.[1]

Forhandlingane[endre | endre wikiteksten]

Grensene i Vest-Europa etter Utrecht- og Rastatt-traktaten.

Frankrike og Storbritannia hadde vorte samde i oktober 1711, då førebuingane til freden vart signert i London. Denne første avtalen var basert på ei underforstått godkjenning av delinga av dei spanske områda i Europa. Etter dette vart det opna ein kongress i Utrecht den 29. januar 1712 der dei britiske representantane var John Robinson, biskopen av Bristol, og Thomas Wentworth, Lord Strafford. Motvillig aksepterte Dei sameinte provinsane innleiingane og sende representantar, men keisaren nekta å gjere dette før han vart sikra om at dei innleiande diskusjonane ikkje var bindande. Då han fekk denne lovnaden sende keisaren representantane sine i februar. Sidan Filip ikkje enno var anerkjend som konge av Spania, sende dei først ikkje ein fullmektig, men hertugen av Savoie sende ein, og Portugal var òg representert.

Eit av dei første spørsmåla som vart diskutert var omfanget av garantiane som Frankrike og Spania måtte gje for at kronene deira skulle haldast fråskilde og det vart ikkje gjort framsteg før etter 10. juli 1712, då Filip signerte eit avkall. Storbritannia og Frankrike hadde alt signert ein våpenkvile og forhandlingane gjekk no raskare, og hovudavtalen vart til slutt signert den 11. april 1713.

Hovudavtalen[endre | endre wikiteksten]

Allegori over freden i Utrecht. Måla av Antoine Rivalz rundt 1714.

Med avtalen vart barnebarnet til Ludvig XIV, Filip, hertug av Anjou, respektert som konge av Spania (som Filip V), og stadfesta arvefølgja stipulert i testamentet til den avdøde kong Karl II. Filip vart derimot tvungen til at både han og etterkomarane måtte sei frå seg alle rettar til den franske trona, trass i at det var tvil om dette var lovleg. På liknande vis måtte prinsane av Frankrike, inkludert hertugen av Berry (det yngste barnebarnet til Ludvig XIV) og hertugen av Orléans (nevøen til Ludvig) på same vis sei frå seg alle krav om den spanske trona.

Områda til Spania i Europa var så delt: Savoie fekk Sicilia og delar av hertugdømet Milano, medan Karl VI (den tysk-romerske keisaren og erkehertug av Austerrike), fekk Dei spanske Nederlanda, Kongedømet Napoli, Sardinia og resten av hertugdømet Milano. Portugal fekk anerkjend suvereniteten sin over landområda mellom Amazonaselva og Oyapock i Brasil. I 1715 fekk portugisarane òg attende Colonia del Sacramento, som var teken av Spania i Uruguay.

I tillegg avstod Spania Gibraltar og Menorca til Storbritannia og gjekk med på å gje britane Asiento, ein verdifull kontrakt om monopol på slavehandel. I Nord-Amerika avstod Frankrike til Storbritannia krava sine om territoria til Hudson's Bay Company i Rupert's Land, Newfoundland og Acadia. Den tidlegare delte øya Saint Kitts vart òg avstått til Storbritannia. Frankrike måtte òg respektere britisk overhøgd over irokesarane og handelen med indianarane i det kontinentale innlandet var open for kjøpmenn frå alle nasjonar. Frankrike fekk elles halde dei andre områda dei hadde hatt før krigen starta i Nord-Amerika, inkludert Île-Saint-Jean (i dag Prince Edward Island) og Île Royale (i dag Cape Breton Island), der dei reiste festninga Louisbourg.

Det vart òg signert ei rekkje handelsavtalar.

Etter å ha signert Utrecht-avtalane, var franskmennene framleis i krig med keisar Karl VI og med Det tysk-romerske riket fram til 1714, då fiendskapen enda med Rastatt-traktaten og Baden-traktaten. Spania og Portugal vart formelt verande i krig med kvarandre fram til Madrid-traktaten i 1750, medan Det tysk-romerske riket og det no bourbonske Spania ikkje gjorde fred før i 1720.

Svar til avtalane[endre | endre wikiteksten]

Territorieendringane gjekk ikkje så langt som Whig-partiet i Storbritannia hadde sett, og meinte at franskmennene hadde gjort tilnærmingar til fred i 1706 og igjen i 1709. Whig-partiet følgde trufast den anti-franske politikken til Vilhelm III og hertugen av Marlborough. I 1710 var det derimot Tory-partiet som hadde kontroll over Underhuset og dei ønskte Storbritannia ut av den europeiske krigen. Dronning Anne og rådgjevarane hennar hadde kome til same konklusjon.

Maktbalansen[endre | endre wikiteksten]

Det europeiske konseptet om maktbalanse, først nemnd i 1701 av Charles Davenant i Essays on the Balance of Power, vart eit vanleg debatt-tema under krigen og på konferansane som førte til signeringa av avtalen. Konseptet var ein nøkkelfaktor i dei britiske forhandlingane og kom til syne i dei endelege avtalane. Dette temaet vart verande ein viktig faktor i europeisk politikk fram til den franske revolusjonen (og dukka opp att på 1800-talet).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. R.R. Palmer, A History of the Modern World 2nd ed. 1961, s. 234.