Fredrik II av Danmark-Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Frederik II av Danmark)
Fredrik II

Fredrik II med kommandostav, kruttflaske og pung på eit måleri av Hans Knieper.
Konge av Danmark og Noreg
Regjeringstid15591588
Fødd1. juli 1534
FødestadHaderslev
Død4. april 1588
DødsstadSlagelse
GravstadRoskilde domkyrkje
Gift medSophie av Mecklenburg
DynastiFyrstehuset Oldenburg
Motto«Intet uden Gud»
FarKristian III av Danmark-Noreg
MorDorothea av Sachsen-Lauenburg
BornElisabeth av Danmark, Anna av Danmark, Kristian IV av Danmark-Noreg, Ulrik av Danmark, Augusta av Danmark, Hedevig av Danmark, Hans af Danmark
Fredrik IIs våpenskjold. Kopparstikk av Lauterbach, 1592.

Fredrik II (1. juli 15344. april 1588) son av kong Kristian III og Dorothea av Sachsen-Lauenburg, vart fødd på Haderslevhus i Danmark.[1] Han var konge av Danmark-Noreg frå 1559 til 1588 og var av den oldenborgske slekta. Etter faren sin siger i Grevefeiden vart Fredrik i 1536 vald til tronfylgjar med tittelen «prins av Danmark». Då faren døydde i 1559 skreiv Frederik under på ei handfesting og kom på trona. I 1572 gifte han seg med sitt 15-årige syskenbarn, Sophie av Mecklenburg, som var 23 år yngre enn han.

I 1559 erobra han Ditmarsken saman med farbroren hertug Adolf av Gottorp. Elles var dei fyrste åra av regjeringstida hans prega av store motsetnader i høve til Sverige. Fredrik II makta ikkje å få gjennomført dei militære planane sine under den Den Nordiske Sjuårskrigen frå 1563 til 1570. Fredrik II hadde tyske leigesoldatar, og rekna med at han difor snøgt kunne vinna krigen mot svenskane. På grunn av dårleg organisert tilførsle av forsyningar måtte dei vera vinteren over i Skåne. Planen var å rykkja snøgt fram mot Stockholm. Året etter var svenskane på frammarsj, og dei trengde inn i Noreg fleire stadar. Svenskane herja mellom anna i Halland og Blekinge. Mot sommaren fekk Frederik II organisert eit pengelån til å finansiera planane om eit åtak mot Stockholm. Åtaket fall i fisk og hæren måtte trekkja seg attende. Eit nytt forsøk i oktober vart mislukka, og det danske Riksrådet miste mest tolmodet.

Fredrik II såg seg nøydd til å kalla heim den gamle uvenen til faren, Peder Oxe. Peder Oxe fall i unåde hjå Christian III i 1556 og vart tvungen til å reisa utanlands. Oxe vart gjeven lov til å koma attende til Danmark. Oxe gjorde mykje for å betra pengestoda til den danske staten. Adelen vart overtala til å ta større del i økonomiske ytingar. Øresundstollen vart tredobla. Ved freden i Stettin i 1570 var Danmark framleis den mektigaste staten i Norden.

Fredrik som byggherre og mesen[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen kasta kongen seg over fleire prosjekt med slottsbygging. Ved hjelp av makeskifte fekk han overdratt hovedgarden Hillerødsholm nord på Sjælland. Kongen fekk garden bygd om til Frederiksborg slott i 1560.

For å kontrollere seglasen gjennom Øresund og sikre inntekta frå Øresundstollen fekk han bygd Nordens sterkaste festning i åra 1574–1584. Festningen fekk namnet Kronborg. Bygginga kunne skje ved hjelp av ein høg Øresundstoll.

Fredrik har moglegvis vorte undervurdert i historia og nærast vorte sedd på for å vere dårleg intellektuelt utrusta; dette kan skuldast at han formulerte seg dårleg skriftleg på både tysk og dansk. Einskilde historikarar meiner at dette kan skuldast dysleksi.[2]

Fredrik var den fyrste av dei danske kongane som opptredde som mesén; han støtta blant anna Tycho Brahe økonomisk og på andre måtar. Då kongen fekk reist og smykka ut Kronborg var det ved hjelp av nokre av dei beste bygningsingeniørane, arkitektane og kunstnarane som fanst i samtidens Nord-Europa. Ein av dei var bilethoggaren Johan Gregor van der Schardt som tidlegare hadde vore knytt til krinsen om Andrea Palladio.[3] Av andre kunstnarar kan nemnast Melchior Lorck og Hans Knieper samt arkitekt Hans van Steenwinckel den eldre.

Fredrik sett frå Noreg[endre | endre wikiteksten]

Fredrik viste lita interesse for Noreg. Han var på reise og lét seg hylle i 1548 i Oslo før han overtok trona. Som konge var han på ei vitjing i 1585, men da berre til Båhus.[1]I 1572 utnemnde kongen statthaldar til Noreg og nokre år seinare let han Ludvig Munk ta over dette embetet. Ludvig Munk var dårleg likt i Noreg etter ein konflikt han hadde hatt med bøndene i Trøndelag. Kanskje har kongen etter kvart blitt misnøgd med hans måte å utføre statthaldarembetet på av di Munk blei avsett allereie i 1583.[4]

I 1567 grunnla han Fredrikstad.

Død[endre | endre wikiteksten]

Fredrik II døydde 53 år gamal på det tidlegare Antvorskov kloster den 4. april 1588, sannsynlegvis av ein lungesjukdom.[5] Han ligg gravlagd i Roskilde domkyrkje.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fredrik II av Danmark-Noreg