Frederik Konow Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Villa Blaauw i Bergen.
Villa Konow i Bergen.

Frederik Ludvig Konow Lund (20. oktober 188930. august 1970) var ein norsk arkitekt som vert rekna mellom dei beste arkitektane i Noreg på fyrste halvparten av 1900-talet.

Han hadde studert kunstsoge ved universitetet i Kristianina (Oslo) frå 1908, og arkitektur ved den tekniske høgskulen i Dresden i Tyskland i åra 1910-1914. I åra 1915-1916 arbeida han saman med Leif Rustad som arkitekt i Bergen, før han tok eit år i Sambandsstatane. Deretter var han assistent hos arkitekt Ole Landmark frå 1917 og fram til han i 1919 skipa sitt eige arkitektkontor i Bergen. Han er mest kjent for dei særeigne einebustadane han har teikna i Bergensområdet. To av dei mest kjente bergenshusa han teikna er Villa Blaauw, som i 1930 vart heidra med Houens fonds diplom, og Villa Konow, som vart freda av Riksantikvaren i 1993.

Frederik Konow Lund gjorde sitt til å skape ein særeigen lokal moderne vestlandsarkitektur basert på dei naturlege byggemateriala og byggetradisjonane i området, slik arkitektane Arnstein Arneberg og Magnus Poulsson gjorde sitt til å skape ein særeigen austlandsarkitektur.

Oversyn over Konow Lunds verk[endre | endre wikiteksten]

  • Bustadhus, Kråkenesveien 73, Bergen, 1916. Konow Lunds debut.
  • Sommarhus for W. Giertsen, Godøysund på Tysnes, 1919
  • Bustadhus, Kråkenesveien 42, Bergen, 1923
  • Bustadhus Villa Blaauw, Årstadveien 19, Bergen, 1925-27
  • Villa Askhaug for G. M. Bruun, Storetveitveien 133, Bergen, 1926. Ny soveromsfløy bygd i 1938.
  • Fana kyrkje, restaurering og eit tilbygg med nytt sakristi, Bergen, 1926–28 og 1953
  • Einebustaden Rieber (Rieber I), Sundts vei 55, Bergen, 1929
  • Einebustaden Johannessen (Hus nr. 6), Kråkenesveien 20, Bergen, 1929
  • Einebustaden Kråkenes, Kråkenesveien 55, Bergen, 1931
  • Einebustaden Tørresen (Hus nr. 11), Straumeveien 51, Bergen, 1931
  • Villa Bruun for G. W. Bruun, Storetveitvegen 133, Bergen, 1933
  • Tomannsbustad (Hus nr. 16), Kråkenesveien 63-65, Bergen, 1934
  • Villa Konow (Hus nr. 14) for ingeniør Francis Konow, Kråkenesveien 43, Bergen, 1935–36
  • Einebustaden Hatlem (Hus nr. 15), Straumeveien 45, Bergen, 1936
  • Einebustad, Kråkenesveien 18, Bergen, 1938
  • Einebustad Nesttun, Hardangerveien 6, Nesttun (saman med Hans Wichmann Rohde), 1940
  • Gjestgivari i TafjordSunnmøre, 1946
  • Einebustad «Gulatun» for fabrikkeigar Finn Danielsen, Hopsåsen 33, Nesttun, 1946-48
  • Restaurering av Nykirken i Bergen (saman med Hans Wichmann Rohde), fullført i 1956
  • Søsterhjemmet Marias Minde og den katolske Vår Frues Kirke, Nylandsveien 31, Bergen, 1956
  • Sommarhus Wallem (ombygging av Leif Grungs funkisvilla), Erviken i Vikedal, 1955-57
  • Garasje og modernisering av Gerdt Meyer Bruuns repslageri, 1957.
  • Villa, Nedre Krohnegården 19, Bergen (saman med sønnen Eilert Konow Lund), 1962
  • Einebustad, Kråkenesveien 33, Bergen, 1964