Frederik Løvenskiold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frederik Løvenskiold

Fødd23. november 1790
Død28. januar 1869 (78 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
MorBenedicta Henrikka Aall
FarSeverin Løvenskiold
EktefelleMaren Fransisca Paus
BarnSeverin Jacob Løvenskiold, Herman Løvenskiold
Alle verv

Frederik Michael Frantz Wilhelm Løvenskiold (23. november 179028. januar 1869) var ein norsk godseigar, jarnverkseigar, stortingsmann og postmeister, fødd i Porsgrunn. Severin Løvenskiold var bror hans.

Løvenskiold var fødd i Porsgrunn, faren var godseigar. Sjølv vart han sjøkadett i 1800, knapt 10 år gammal. 1808-14 var han sekondløytnant i sjøetaten, deltok i strid i 1814. Frå 1814 var han eigar av herregarden Rafnes i Bamble, og året etter av Bolvik jarnverk.

Løvenskiold var stortingsrepresentant frå Bratsbergs amt både i 1827, 1828 og 1830. I 1827 var han medlem av militærkomiteen, komiteen om berg- og skogvesen og sekretær i komiteen om borgarvæpninga. På omframstortinget 1828 var han sekretær i komiteen om vernepliktslova, medan han i 1830 var medlem av militærkomiteen og komiteen om kjøpstadskatten.

1832-62 var Løvenskiold postmeister i Christiania. Han døydde i hovudstaden i 1869.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]