Fritz Lorck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Frederik Lorck)
Fritz Lorck

Frederik Christian (Fritz) Lorck
Foto: Aune/Trondheim Byarkiv
Fødd2. juli 1815
Trondheim
Død9. mai 1901 (85 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, handelsmannn, Konsul i diplomatiet
Alle verv

Frederik Christian Lorck (2. juli 18159. mai 1901), kjend som Fritz Lorck, var ein handelsmann og stortingsmann frå Trondheim.

Lorck var son til ein handelsmann. Han vart student frå Fredrikshalds skole i 1834 og arbeidde seinare på eit handelskontor i Hamburg. Deretter dreiv han eigen handel i fødebyen.

Lorck var medlem av bystyret i Trondheim i 25 år, ordførar i åtte av dei. Han var medlem av representantskapen i Noregs Bank frå 1854 fram til 1875, då han vart direktør, ein posisjon han hadde i ni år. I 1855 kom han med i ein kongeleg kommisjon vedkomande mellomrikslova.

Lorck møtte på Stortinget fyrste gongen i 1863 frå 26. februar. Han var då 1. varamann for Trondheim og Levanger, møtte i staden for Ove Høegh både då og på omframstortinget i 1864. Fast plass på Stortinget frå 1865 til -69, og på ny frå 1874 til -79. Også perioden 1883-85 var han stortingsmann. Han var medlem av tollkomiteen 1863 og 1865-66, budsjettkomiteen 1865-66, 1868-69 og 1877-79, jarnbanekomiteen 1868-69 og 1883-85, bankkomiteen 1874, næringskomite nr 2 1875-76, røysterettskomiteen 1875-77 og skattekomiteen 1875-79. I sin siste sesjon, 1885, var han permittert frå 15. mai. Han slutta seg til partiet Høgre då det vart danna.

Lorck døydde i Trondheim i 1901.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]