Frederik Meltzer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frederik Meltzer

Frederik Meltzer (19. september 177915. desember 1855) var ein kjøpmann, eidsvollsmann og stortingsmann frå Bergen.

Far til Meltzer var kjøpmann i Bergen. Sjølv lærde han kjøpmannsyrket, mellom anna under eit toårig opphald i England og Frankrike. Han var frå 1802 kjøpmann på Tyskebryggja i heimbyen. Seinare vart han også overfiskevrakar og i 1837 børskommissær.

I 1814 var Meltzer utsending frå Bergen til riksforsamlingaEidsvoll. Der høyrde han til sjølvstendepartiet. Han var elles medlem av finanskomiteen.

Meltzer var representert på Stortinget 1821, 1822, 1824, 1827 og 1828. I 1821 søkte han om fritak, noko som vart avvist og han møtte frå 6. mars. På dette tinget kom han med forslag om at det norske flagget skulle ha same fargane som det franske, det US-amerikanske og det nederlandske flagget, samt det britiske unionsmerket. Eit forslag som vart vedteke, og det norske flagget hadde fått si varige form. Han var medlem av 18 komitear, mellom dei om russehandelen i Finnmark, om bøkkerlauget i Bergen og om brennevinsbrenning på landsbygda. I 1822 var han med i komiteen om oppgjeret med Danmark. På 1824-stortinget var han med i bankkomiteen og i komiteen om kjøpstadskatten, og om fiskeria. Også i 1827 var han med i bankkomiteen samt næringskomiteen. På det overordentlege storting 1828 var han med i komiteen om auke av setelmassen.

Meltzer var i 1840 medlem av fiskerilovkommisjonen og i 1843 om vrakarvesenet. Sistnemnde år medlem av ein kongeleg kommisjon om skattestellet i byane.

Meltzer døydde i Bergen i 1855. Han var far til Harald Meltzer.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]