Frederik Motzfeldt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frederik Motzfeldt

Frederik Motzfeldt (2. november 17792. januar 1848) var ein norsk politikar og jurist som representerte Molderiksforsamlinga i 1814. Han var utdanna jurist frå Universitetet i København (1801) og vart utnemnd til byfogd i Molde 1802, ei stilling han hadde i om lag eitt år. I 1805 reiste han til København og søkte fåfengd etter embete i over eitt år før han vart konstituert til byfogd i Molde og sorenskrivar i Romsdal.

Under riksforsamlinga i 1814 deltok han ikkje aktivt i diskusjonane, men fylgde passivt Sjølvstendepartiet. Seinare gjorde han heller ikkje politisk karriere, og tente berre som stortingsvara i 1827 og stortingsrepresentant i 1830 for Kristiania. Hausten 1814 vart han derimot utnemnd til høgsterettsassessor, som den yngste nokosinne. Han vart sitjande i denne stillinga lenger enn nokon andre, og viste gjennom avrøystingane sine i fleire politiske rettsaker ei demokratisk grunnhaldning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]