Frederik Rode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frederik Rode

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. september 1800
København
Død

24. oktober 1883 (83 år)
Christiania

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Hans Henrik Rode

Frederik Rode (23. september 180024. oktober 1883) var ein prest og stortingsmann. Han var far til Carl Theodor Rode og Otto Rode.

Rode var fødd i København, far hans var generalkrigskommissær Hans Henrik Rode. Han vart student i Christiania i 1819 og cand. theol. i 1824. 1820-21 var han huslærar, og 1824-25 lærar ved katedralskulen i hovudstaden. Elles manuduktør i teologi.

Frå 1826 var Rode sokneprest til Alta-Talvik og prost i Vest-Finmarken, der han i «flere aar førte et fuldstændig nomadeliv for at betjene»[1] dei vidstrakte embetsdistrikta. Sokneprest i Gjerpen 1834-54 og attåt prost i Bamble frå 1843. Stiftsprost i Christiania 1854 og hoffpredikant. 1859-75 var han sokneprest i Lier. Både i 1849 og 1859 fekk han flest stemmer før bispeutnemningar, Tromsø fyrst og Bergen sidan, men baud seg fri begge gongane.

Rode var 2. representant på Stortinget 1833 for Finnmark. Han var formann i komiteen om tiendrettane i Finnmark og sekretær i kyrkjekomiteen.

Henrik Ibsen gjekk til konfirmasjonsundervisning hos Rode i juni og juli 1843.

Etter at han slutta som prest i Lier, budde Rode i Kristiania. Døydde der i 1883.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  1. Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914