Freden i Frederiksborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Frederiksborg-traktaten)
Dansk medalje i samband med freden

Freden i Frederiksborg viser til ein avtale signert ved Frederiksborg slott den 3. juli 1720[1] (14. juli 1720 (gregoriansk kalender)) som enda den store nordiske krigen mellom Sverige og Danmark-Noreg. Sverige betalte 600 000 Riksdalar for skadar, og braut alliansen med Holstein og sa opp rettane til å vere friteken frå Øresundtollen. I tillegg fekk Danmark full kontroll over Schleswig.

Avtalen gjorde òg at Sverige fekk attende dei danskokkuperte områda i Svensk Pommern.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Heitz (1995), s.244