Frederikshavn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frederikshavn i 2009

Frederikshavn er ein by i Region Nordjylland i Danmark med 23 636 innbyggarar (2006). Frederikshavn ligg ved Kattegat på austkysten av Vendsyssel. Tidlegare Frederikshavn kommune hadde i 2004 34 416 innbyggarar. Etter kommunalreformen 2007 er tidlegare Sæby kommune innlemma i den nye Frederikshavn kommune.

Frederikshavn ligg i eit morenelandskap som vart skapt av innlandsisen i siste istid for om lag 14 000 år siden. Byen heitte tidlegare Fladstrand før den vart kalla opp etter kong Fredrik VI. Frederikshavn fekk kjøpstadsrettar i 1818.

Næringslivet i Frederikshavn har tradisjonelt vore basert på fiskeri og hamneverksemd. I dag er byen ein av Danmarks største ferjebyer med samband til Oslo og Göteborg. Byen har også eit større sjukehus, marinebase og tekniske skular tilknytta maritime fag.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk