Fredløyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fredløyse er ei straff som går ut på at den fredlause ikkje har vern av lovene.

Fredløyse vart nytta for avstraffing av alvorlege brotsverk i Noreg i mellomalderen. Etter gammalnorsk rett formulert i Magnus V Erlingssons regjeringstid, skil ein mellom to former for fredløyse:

  • Útlegð medførte inndraging av lausøyre og kjøpejord brotsmannen åtte, men ved fredkjøp, ei bot både til kongen og til den krenkte, kunne den utlæge brotsmannen kjøpe seg freden att
  • Ubotaverk kunne ikkje gjerast opp med bøter. Ein ubotamann hadde tapt både fred, gods og odelseigedom. Likevel kunne kongen vise miskunn. Eit ubotaverk var ei sak for dei offentlege styremaktene, slik var denne lovgjevinga eit skritt på vegen mot ei offentleg rettshandheving.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]