Fredlaus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fredlaus (fleirtyding).
Fredlaus


Lysimachia vulgaris
Lysimachia vulgaris

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Ericales
Familie: Myrsinaceae
Slekt: Lysimachia
Art: L. vulgaris
Vitskapleg namn
Lysimachia vulgaris
Fredlaus (Lysimachia vulgaris)

Fredlaus (Lysimachia vulgaris) eller er ei fleirårig plante i fredlausslekta i fredlausfamilien, som kan bli frå 50 cm opp til 1,5 meter høg. Den har gule blomstrar med fem halvvegs klokkedannande kronblad, som inst i blomsterbotnen er oransje-raude. Blomstrane sit i dei øvste bladhjørna og oppover heile toppen av stilken. Planta er utbreidd i Sentral-Asia, Kaukasus og Europa.

Blada er mørkt grøne, spisse og avlange, og står ofte tre og tre i ein krans rundt stengelen. Blada kan òg stå i grupper på to eller fire. Fredlaus trivst opp til 400 moh.Austlandet og langs kysten der den meir spreidd opp til Møre. Fredlaus liker fuktig mark, enger, myr og sumpområde og fuktig skogsterreng.

Fredlaus liknar mykje på fagerfredlaus (Lysimachia punctata), som har meir bladfylte blomsterkransar, og svartprikka undersider av blada. Blada er òg meir slankt lansettforma. Fagerfredlaus trivst som hageplante og i fuktig mark i skogsbryn og på myr og enger.

Planta er nytta som hageplante og det finst ulike kultivarar. I somme land blir planta sett på dom ein invasiv art.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fredlaus