Fredrik Austbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fredrik Berggraf Austbø (fødd 20. april 1988) er ein norsk snøbrett- og skateboardkøyrar frå Tasta i Stavanger. Han deltok under Vinter-OL 2006 i Torino, og vart som syttenåring den yngste norske utøvaren i ei individuell idrettsgrein sidan Sonja Henie. Han var teken ut til å vere med på grunnlag av sterke resultat i verdscupen.

Austbø tok til å stå på snøbrett då han var ti, og viste seg raskt å ha talent både for dette og for skating. Han har sidan markert seg i fleire tevlingar og kåringar, mellom anna er han blitt norgesmeister fleire gonger (både i streetpark og bowl), var «Skater of the year» i Europa i 2004, og kom to gonger på fjerdeplass under verdscupen i Sveits i 2006.

I OL i Torino i 2006 deltok han i halfpipe. Men veka før hadde korsbandet i det høgre kneet hans vorte øydelagt, så han hadde store smerter under konkurransen. Vinteren 2008 rauk også korsbandet i det venstre kneet, og han vart operert i april det året. Det neste store målet for Austbø er OL i Vancouver i 2010.

Fredrik Austbø har gått på Norges ToppidrettgymnasGeilo. Han har vore profesjonell snøbrettkøyrar sidan 2004 og er sponsa av Libtech, Etnies, 32, Quiksilver og Turf.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Olav Åmås [red.]: «Austbø, Fredrik» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Utdaterte lenkjer[endre | endre wikiteksten]