Fredrik Barth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrik Barth

Fødd22. desember 1928
Leipzig
Død24. januar 2016
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdekulturantropologi
Yrkeantropolog, universitetslærar
InstitusjonarHarvard University
Universitetet i Oslo
Universitetet i Bergen
Emory University
Boston University
Alma materUniversity of Cambridge
University of Chicago
DoktorgradsrettleiarEdmund Leach
EktefelleUnni Wikan
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Academia Europaea
American Academy of Arts and Sciences
British Academy

Fredrik Barth (22. desember 192824. januar 2016)[1] var ein norsk sosialantropolog som har prega norsk sosialantropologi frå 1960-åra.[2] Han er ein av dei internasjonalt mest siterte norske samfunnsforskarane og rekna som Skandinavias fremste sosialantropolog.[3]

Han var gift med Unni Wikan.[2]

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Barth var knytt til Universitetet i Bergen frå 1961 til 1974, deretter arbeidde han ved Universitetet i Oslo og Etnografisk Museum, sidan 1985 var han statsstipendiat.

Han er velkjend blant antropologar for sine analyser av transaksjonar i Swat-dalen i Nord-Pakistan. Han er også kjend for studiar av mikroøkonomiske prosessar og entreprenørverksemd i Darfur-provinsen i Sudan.

Fredrik Barth var redaktør for den grensesprengjande ”Etniske grupper og barrierer(1969)”, der han studerer framgangsmåten med å ha stadig diskusjon om grensene og barrierane mellom ulike etnisitetar. Barth sitt syn er at kulturar ikkje er isolerte og absolutte, men at dei stadig utviklar seg og påverkar kvarandre. Barth vil til livs antropoligiske idèar om at kulturar er bundne til etnisitet. Han vil heller ha fokus på forholdet mellom ulike grupper.

”Etniske grupper og barrierer” har derfor eit fokus på forhaldet mellom ulike etniske identitetar. Barth skriv på side 9: ”[…] kategoriske etniske ulikskapar avheng ikkje av mangelen på mobilitet, kontakt eller informasjon, men er avhengig av sosiale prosessar som eksklusjon og inkorporasjon der diskréte kategoriar blir vedlikehald ”på tross av” endra deltaking og medlemsskap i individets livsgangshistorie.” Barth påpeiker vidare at gruppekategoriar, til dømes etniske merkelappar, vil i dei fleste tilfelle vare sjølv om individ beveger seg over grenser eller delar ein identitet med folk i meir enn ei gruppe.

Den gjensidige avhengigheita til etniske grupper er eit diffust argument gjennom både introduksjonen og dei følgjande kapitla i Barth si redigerte bok. Gjensidige avhengige, etniske identitetar er eit produkt av gjennomgåande såkalla ”tilleggelse” og ”sjølvtilleggelse”, der Barth vektlegg interaksjonsperspektivet av sosialantropologi på nivået til personane involvert i staden for på eit sosialstrukturelt nivå. Etnisk identitet er og blir fasthalden gjennom relasjonsprosessar av inkludering og ekskludering.

Barth arbeidde som ein tradisjonell sosialantropolog: Han reiste ut i verda og leita etter nye stammar. På Ny-Guinea fann Barth ei stamme som var ukjent for resten av verde. Ved denne turen til Ny-Guinea hadde Barth mange heldige samantreff. Til dømes hadde denne stamma det slik at di meir kvit du var i huda, di høgare status hadde du. Han lærte seg også viktige historiske forteljingar utanåt, slik at han tileigna seg store kunnskapar om kulturen deira. På grunn av dette blei han sett på som smart og dermed ein gud. Denne stamma hadde også ein tradisjon med at fleire sov i same hytte, berre gudar fekk eiga hytte. Barth fekk derfor sove for seg sjølv.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Det kongelege hoff kunngjorde 10. desember 2008 at kongen har utnemnt Barth til kommandør av St. Olavs Orden for innsatsen hans innan sosialantropologi.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fredrik Barth er død Aftenposten (NTB), 25. januar 2016, lese 25. juni 2017.
  2. 2,0 2,1 Henning Siverts. «Fredrik Barth». Norsk biografisk leksikon. Henta 29. november 2015. 
  3. Thomas Hylland Eriksen: Fredrik Barth: En intellektuell biografi Arkivert 2016-04-28 ved Wayback Machine. (utdrag av biografi)
  4. «Utnevnelser til St. Olavs Orden», Kongehuset, 10. desember 2008.