Fredrik G. Gade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrik G. Gade
Fødd4. juni 1830
Bergen
Død16. mai 1905 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkeforretningsdrivande, politikar
EktefelleAugusta Gade
BarnFredrik Gade, Herman G. Gade
Alle verv

Fredrik Georg Gade (4. juni 183016. mai 1905) var ein kjøpmann, skipsreiar og stortingsmann frå Bergen. Han var far til Fredrik Gade og Herman Gade.

Gade var son til ein kjøpmann. Han dreiv sjølv handel i heimbyen frå 1847, seinare var han også skipsreiar. Gade var med å stifte branntrygdelaget Vesta, og var i leiinga for laget i 25 år. Også styremedlem av livsforsikringsselskapet Hygea. Han var medlem av Bergens bystyre 1880-95, åtte av åra var han i formannskapet.

Gade var 3. representant frå Bergen på Stortinget 1883-85. Han var medlem av tollkomiteen, i 1883-sesjonen også av traktatkomiteen. På Stortinget slutta han seg til Stortingets Venstreforening då denne vart skipa.

I 1877 kjøpte Gade garden Øvre Fantoft i Fana. Her bygde han ein park med lange vegstrekningar. På Fantoft fekk han i 1883 sett opp den gamle stavkyrkja frå Fortun i Luster, kyrkja hadde han kjøpte av kyrkjelyden. Fantoft stavkyrkje brann ned i 1992, etter å ha vorte påtent.

Gade døydde i Frankfurt am Main i 1905.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

{{refstart{{