Fredrik Grønningsæter
Fredrik Grønningsæter (fødd 26. mai 1923) var biskop i Sør-Hålogaland bispedømme frå 1982 til 1992.
Fredrik Grønningsæter var fødd i Stranda på Sunnmøre) som son av Fredrik og Katharina (fødd Ottesen) Grønningsæter. Han vart cand.theol. ved Det teologiske menighetsfakultet, Oslo. i 1951. 21. oktober same året blevart han ordinert av biskop Johannes Smemo til teneste i Norges KFUM.
Han har sidan blant anna gjort teneste som hjelpeprest ved Nidarosdomen (frå 1957), sokneprest i Gimsøy i Lofoten (frå 1962) og Oslo domkyrkje (frå 1972).
Grønningsæter var formann i Presteforeningen frå 1972 til 1976. Han vart utnemnd til biskop i Sør-Hålogaland i 1982, og gjekk av som biskop i 1992. I 1983 var han den første mottakeren av Brobyggerprisen, ein pris som vert delt ut av Norske kirkeakademier.
Fredrik Grønningsæter profilerte seg på fleire måtar som ein høgkyrkjeleg biskop. Til dømes var han den fyrste statskyrkjebiskopen i nyare tid som brukte bispestav.
Familie [endre]
Fredrik Grønningsæter er far til Arne Grønningsæter, leiar i Oslo bispedømmeråd.
- Denne artikkelen bygger på «Fredrik Grønningsæter» frå Wikipedia på bokmål, den 15. oktober 2009.
| Føregjengar Bjarne Odd Weider |
Biskop i Sør-Hålogaland 1982–1992 |
Etterfylgjar Øystein Ingar Larsen |