Fredrik II av Danmark-Noreg
| Norsk konge: | 1559-1588 |
| Dansk konge: | 1559-1588 |
| Valspråk: | Intet uden Gud |
| Etterfylgde | Kristian III |
| Etterfylgjar: | Kristian IV |
| Fødedato: | 1. juli 1534 |
| Fødedstad: | Haderslevhus i Danmark |
| Dødsdato: | 4. april 1588 |
| Dødsstad: | Antvorskov kloster i Danmark |
| Gravlagd: | Roskilde domkyrkje |
| Gift med: | Sophie av Mecklenburg |
| Born: | Elisabeth (1573) Anna (1574) Christian (1577) Ulrik (1578) Augusta (1580) Hedevig (1581) Hans(1583) |
Fredrik II (1. juli 1534–4. april 1588) son av kong Kristian III og Dorothea av Sachsen-Lauenburg, vart fødd på Haderslevhus i Danmark.[1] Han var konge av Danmark-Noreg frå 1559 til 1588 og var av den oldenborgske slekta. Etter faren sin siger i Grevefeiden vart Fredrik i 1536 vald til tronfylgjar med tittelen «prins av Danmark». Då faren døydde i 1559 skreiv Frederik under på ei handfesting og kom på trona. I 1572 gifte han seg med sitt 15-årige syskenbarn, Sophie av Mecklenburg, som var 23 år yngre enn han.
I 1559 erobra han Ditmarsken saman med farbroren hertug Adolf av Gottorp. Elles var dei fyrste åra av regjeringstida hans prega av store motsetnader i høve til Sverige. Fredrik II makta ikkje å få gjennomført dei militære planane sine under den Den Nordiske Sjuårskrigen frå 1563 til 1570. Fredrik II hadde tyske leigesoldatar, og rekna med at han difor snøgt kunne vinna krigen mot svenskane. På grunn av dårleg organisert tilførsle av forsyningar måtte dei vera vinteren over i Skåne. Planen var å rykkja snøgt fram mot Stockholm. Året etter var svenskane på frammarsj, og dei trengde inn i Noreg fleire stadar. Svenskane herja mellom anna i Halland og Blekinge. Mot sommaren fekk Frederik II organisert eit pengelån til å finansiera planane om eit åtak mot Stockholm. Åtaket fall i fisk og hæren måtte trekkja seg attende. Eit nytt forsøk i oktober vart mislukka, og det danske Riksrådet miste mest tålmodet.
Fredrik II såg seg nøydd til å kalla heim den gamle uvenen til faren, Peder Oxe. Peder Oxe fall i unåde hjå Christian III i 1556 og vart tvungen til å reisa utanlands. Oxe vart gjeven lov til å koma attende til Danmark. Oxe gjorde mykje for å betra pengestoda til den danske staten. Adelen vart overtala til å ta større del i økonomiske ytingar. Øresundstollen vart tredobla. Ved freden i Stettin i 1570 var Danmark framleis den mektigaste staten i Norden.
Innhaldsliste |
[endre] Fredrik som byggherre
Etter krigen kasta kongen seg over fleire prosjekt med slottsbygging. Ved hjelp av makeskifte fekk han overdratt hovedgarden Hillerødsholm nord på Sjælland. Kongen fekk garden bygd om til Frederiksborg slott i 1560.
For å kontrollere seglasen gjennom Øresund og sikre inntekta frå Øresundstollen fekk han bygd Nordens sterkaste festning i åra 1574-84. Festningen fekk namnet Kronborg. Bygginga kunne skje ved hjelp av ein høg Øresundstoll.
[endre] Fredrik sett frå Noreg
Fredrik viste lita interesse for Noreg. Han var på reise og lét seg hylle i 1548 i Oslo før han overtok trona. Som konge var han på ei vitjing i 1585, men da berre til Båhus.[1]I 1572 utnemnte kongen statthaldar til Noreg og nokre år seinare let han Ludvig Munk ta over dette embetet. Ludvig Munk var dårleg likt i Noreg etter ein konflikt han hadde hatt med bøndene i Trøndelag. Kanskje har kongen etter kvart blitt misnøgd med hans måte å utføre statthaldarembetet på avdi Munk blei avsett allereie i 1583.[2]
I 1567 grunnla han Fredrikstad.
[endre] Død
Fredrik II døydde 53 år gamal på det tidlegare Antvorskov kloster den 4. april 1588, sannsynlegvis av ein lungesjukdom.[3]. Han ligg gravlagd i Roskilde domkyrkje.[4]
[endre] Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Norsk Biografisk Leksikon - Frederik 2
- ↑ Norsk Biografisk Leksikon - Ludvig Munk
- ↑ Lars Roar Langslet: Christian IV : konge av Danmark og Norge, 1997. som E-bok side 32
- ↑ Gravsted dk - Frederik IIs grav
| Føregjengar Kristian III |
Konge av Danmark-Noreg 1559–1588 |
Etterfylgjar Kristian IV |