Fredrik IX av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fredrik IX
Frederick IX of Denmark.jpg
Konge av Danmark
Regjeringstid 20. april 1947
Fødd 11. mars 1899
Fødestad Sorgenfri slott
Død 14. januar 1972 (72 år)
Føregjengar Kristian X av Danmark
Etterfølgjar Margrethe II av Danmark
Gift med Ingrid
Born Margrethe II (1940–)
Benedikte (1944–)
Anne-Marie (1946–)

Frederik IX (11. mars 189914. januar 1972) var eldste son av kong Christian X av Danmark og dronning Alexandrine av Danmark. Han var konge av Danmark frå 1947 til 1972.

I 1922 trulova kronprinsen seg med den greske prinsessa Olga, men trulovinga blei heva etter berre nokre månader. 24. mai 1935 gifta han sig i Storkyrkan i Stockholm med prinsesse Ingrid, dotter av kronprins Gustav Adolf og kronprinsesse Margaretha.

Den 16. april 1940, sju dagar etter at landet var blitt okuppert av tyske styrker, fekk kronprinsparet sitt først barn, Margrethe. Den vesle prinsessa blei sett på som eit lyspunkt i ei mørk tid. Under krigen kunne københavnarane ofte sjå kronprinseparet trilla rundt i hovudstaden med barnevogn eller sykkel. Etter kvart fekk dei prinsesse Benedikte den 29. april 1944 og prinsesse Anne-Marie den 30. august 1946.

Til forskjell frå tidlegare kongar valde Frederik IX å gjera karriere i marinen framfor hæren, og i 1945 blei han utnemnd til kontreadmiral. Han elska livet på sjøen, og som ein ekte sjømann hadde han òg tatoveringar. Han og dronning Ingrid vitja nær sagt kvar hamn i Danmark med kongeskipet «Dannebrog», og drog òg til Grønland og Færøyane.

Frederik IX hadde òg ein stor lidenskap for musikk. Han var dirigent for fleire danske og utanlandske orkester, og skal òg ha vore ein dyktig musikar. Han var også glad i å jakta, og heldt mange samlingar ved jakthytta si i Trend.

Kongen døydde den 14. januar 1972 etter kort tids sjukdom, og blei gravlagd i Roskilde domkyrkje. Med sitt varme og folkelege vesen hadde kongen redusert avstanden mellom kongefamilien og det danske folket.