Fredrik I av Det tysk-romerske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fredrik I Barbarossa framstilt i eit manuskript frå 1188, Vatikanbiblioteket

Fredrik I, med tilnamnet Barbarossa, vart truleg fødd i 1122 i Waiblingen. Han døydde den 10. juni 1190. Namn på tysk språk er Friedrich I. Barbarossa. Han drukna i elva Saleph (seinare Göksu) i Anatolia i Tyrkia. Fredrik var hertug av Schwaben, tysk-romersk konge (Konge av romarane) frå 1152, konge av Burgund frå 1178 og keisar av det tysk-romerske riket frå kroninga 18. juli 1155. Han høyrde til fyrstehuset Hohenstaufen, og var son av hertug Fredrik II, den einøygde, av Schwaben og kona, hertugen av Bayern si dotter Judit.

I 1147 fylgde han med farbroren Konrad III av Tysklanddet andre krosstoget. Konrad valde Fredrik som sin etterfylgjar framför sin eigen son. Fredrik Barbarossa gav seg i veg på det tredje krosstoget, men nådde aldri Jerusalem. Han drukna då han skulle symja over ei elv i noverande Tyrkia.

Tilnamnet «Barbarossa» (raudskjegg) fekk han i Italia på grunn av sitt raude skjegg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]