Fredrik Kempe
Fredrik Kempe (fødd 29. april 1972) er ein svensk musikar og låtskrivar frå Vårgårda. Han er no busett i Stockholm.
Tidlegare har Kempe delteke i musikalopptredenar, m.a. Les Miserables og Chess. I 2002 vart han kjend i Sverige med pop-låta «Vincéro», som blanda saman techno med operamusikk.
Kempe deltok i Melodifestivalen 2004 med songen «Finally», og prøvde på nytt i 2005 med «Du och jag mot världen» saman med Sanna Nielsen. Den sistnemnte songen enda på ein åttandeplass.
Fredrik Kempe har gjort seg eit stort namn innan låtskriving, særleg i Melodifestivalen. Mellom anna har han skrive låtane «Hero» av Charlotte Perrelli og «Popular» av Eric Saade, som begge vann festivalen og representerte Sverige i Eurovision Song Contest. Også «My Heart Is Yours», som vart framført av norske Didrik Solli-Tangen i Eurovision Song Contest 2010, var skriven av Kempe i samarbeid med Hanne Sørvaag.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Fredrik Kempe» frå Wikipedia på svensk, den 28. mai 2012.
- Fødde i 1972
- Svenske musikarar
- Svenske låtskrivarar
- Melodifestivalen 2004-deltakarar
- Melodifestivalen 2004-låtskrivarar
- Melodifestivalen 2005-deltakarar
- Melodifestivalen 2005-låtskrivarar
- Melodifestivalen 2008-låtskrivarar
- Melodifestivalen 2011-låtskrivarar
- Melodifestivalen-vinnarlåtskrivarar
- Melodifestivalen 2012-låtskrivarar
- Melodifestivalen 2013-låtskrivarar
- Eurovision Song Contest 2008-låtskrivarar
- Eurovision Song Contest 2010-låtskrivarar
- Eurovision Song Contest 2011-låtskrivarar
- Svenske Eurovision Song Contest-låtskrivarar
- Norske Eurovision Song Contest-låtskrivarar
- Melodi Grand Prix-vinnarlåtskrivarar
- Melodi Grand Prix 2010-låtskrivarar