Fredrik Reinfeldt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fredrik Reinfeldt, 2013.

John Fredrik Reinfeldt (fødd 4. august 1965 i Haninge i Sverige) er ein svensk politikar. Etter at høgresida og Allians för Sverige fekk fleirtal i riksdagsvalet 2006, har han vore statsminister i Sverige sidan 6. oktober 2006. Han har også vore leiar for det liberal-konservative Moderata samlingspartiet sidan 2003.

Reinfeldt vart med i Moderata ungdomsförbundet i 1983, og vart leiar i 1992. Han hadde dette vervet fram til 1995. Han har vore riksdagsmedlem sidan 1991, som representant for valkrinsen på heimstaden. Etter nederlaget i 1994 for den moderaterna-leidde koalisjonsregjeringa, utvikla Reinfeldt ei kritisk haldning til partileiarskapen under Carl Bildt, noko som førde til at han vart utstøytt i partiet. Men etter eit leiarskifte i 1999 og eit dårleg resultat i riksdagsvalet 2002, fekk Reinfeldt gradvis meir innflytnad i Moderata samlingspartiet.

Reinfeldt vart vald til partileiar 25. oktober 2003, og etterfølgde Bo Lundgren. Under hans leiarskap har politikken i moderaterna gått meir i retning av sentrum, og det har kalla seg sjølv «Nya moderaterna». Etter riksdagsvalet 2006, som vart halde 17. september 2006, vart Reinfeldt vald til statsminister i den nye regjeringa den 5. oktober, og presenterte regjeringsmedlemmene dagen etter. Saman med dei tre andre partia i sentrum-høgre-alliansen, leier Reinfeldt ei koalisjonsregjering som har støtte av eit lite fleirtal i Riksdagen. Som 41-åring var han den tredje yngste personen som har vorte statsminister i Sverige, etter Robert Themptander og Rickard Sandler.

Han er busett i Täby nord for Stockholm og gift med Filippa, som er landstingsråd (m) i Stockholms län. Paret har tre ungar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fredrik Reinfeldt