Fredrik von Schomberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrik von Schomberg

Fødd1615
Heidelberg
Død11. juli 1690
Boyne
Alle titlarDuke of Schomberg, Count of Mértola, Earl of Brentford
AliasFrédéric-Armand, opphavleg von Schönberg
GravstadSt Patrick's Cathedral i Dublin
LandTyskland, Frankrike
MorAnne Dudley
FarHans Meinhard von Schönberg
EktefelleJohanna Elisabeth Schönberg auf Wesel, Suzanne d'Aumale, Dame d'Aucourt
BarnMeinhardt Schomberg, 3rd Duke of Schomberg, Charles Schomberg, 2nd Duke of Schomberg, Friedrich X Graf von Schönberg Conde de Mértola

Friedrich Hermann, 1. hertug av Schomberg (desember 1615/januar 161611. juli 1690) var ein marskalk av Frankrike og general i den engelske og portugisiske hæren.

Han stamma frå ein gammal familie i Pfalz og var fødd i Heidelberg. Han starta militærkarrieren sin under prins Fredrik Henrik av Oranien og gjekk i 1634 inn i teneste for Sverige, og for Frankrike i 1635. I 1639 gjekk han inn i nederlandsk teneste igjen fram til 1650, då han gjekk inn i den franske hæren som general (maréchal de camp under Turenne i felttoga mot Condé, og i 1665 vart han generalløytnant.

Etter freden i Pyreneane (1659), vart sjølvstendet til Portugal truga av Spania, og Schomberg vart send som militær rådgjevar til Lisboa med skjult godkjenning frå Karl II av England. Ludvig XIV av Frankrike tok alle dei franske embeta frå Schomberg, for å ikkje truge avtalen nettopp inngått med Spania. I Portugal vann Schomberg siger i Montes Claros den 17. juni 1665 over spanjolane under Luis de Benavides Carrillo, marki av Caracena. Etter at krigen mot Spania var over reiste Schomberg attende til Frankrike, tok fransk statsborgarskap og gjekk inn i fransk teneste att. Då ediktet i Nantes vart tilbakekalla vart Schomberg, som var hugenott, tvungen til å forlate landet.

Til slutt vart han øvstkommanderande for styrkane til Kurfyrsten av Brandenburg, og i Berlin vart han rekna som leiar for dei mange tusen hugenottane som slo seg ned der. Med løyve frå kurfyrsten, drog han i lag med prinsen av Oranien til England i 1688. I august det året vart han utpeikt som øvstkommanderande i den vilhelminske krigen i Irland mot jakobittane som støtta Jakob II. I lag med Vilhelm deltok han i slaget ved Boyne (1. juli 1690) der han mista livet. Han vart gravlagd i Dublin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]