Fredrik Skavlan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fredrik Skavlan.

Fredrik Skavlan (fødd 2. september 1966 i Oslo) er ein norsk journalist, teiknar og programleiar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter vidaregåande skule i 1987 byrja Skavlan sin pressekarriere i Morgenbladet, der han fekk jobb som teiknar og journalist. Sidan har han jobba primært som skrivande, men òg som teiknar og reportasjeleiar i Aftenposten og Dagbladet. Han har dessutan illustrert fleire bøker. Han debuterte som programleiar i NRK på sin 30-årsdag.

I 1996 blei Skavlan henta til NRK2 for å leie det direktesendte talkshowet Absolutt. Programmet hadde premiere den 2. september. Etter 133 sendingar takka han for seg som programleiar for Absolutt i mai 1997. Sommaren same året var han og Ingunn Kyrkjebø programleiarar for sommarserien Sommeråpent, og same året leia han TV-aksjonen Krafttak mot kreft. Hausten 1998 blei han programleiar for talkshowet Først & sist. Programmet uvikla seg raskt til å bli eit av Noregs mest sette TV-program 1998 – 2007. Ved sida av Først & sist var han òg programleiar for laurdagsserien Underholdningsmaskinen våren 1999, samt for direktesendingane frå kronprinsbryllaupet sommaren 2001. Skavlan avslutta Først & sist våren 2007. I 2009 starta hans nye talkshow, Skavlan, som blir sendt på NRK og SVT.

Skavlans teikningar har vorte publisert i fleire riksdekkande medium sidan han allereie som gut leverte teikneseriar til Dagbladet, Aftenposten og Det Nye. Sidan har han òg hatt reklameoppdrag og illustrert bøker for forlag som Cappelen, Press, Gyldendal og Aschehoug. Fredrik Skavlan jobbar primært med pennesplitt og tusj direkte på kvitt papir, og innimellom òg med akvarellfargar. Etter nedlegginga av Først & sist har Skavlan illustrert ei bok om Peter Pan. Han teiknar for tida vekevisst for Dagbladets Magasinet.

Han var medforfattar av boka Det Kongelige bryllup, lansert i 2001.

Vinteren 2006 blei det kjent gjennom media at Skavlan var blitt kjærast med Maria Bonnevie. Skavlan har tre born frå tidlegare ekteskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]