Fredrik VI av Danmark-Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fredrik VI
Fiedrichvidenmark.jpg
Konge av Danmark og Noreg
Regjeringstid Av Danmark-Noreg 18081814
av Danmark 18141839
Fødd 28. januar 1768
Christiansborg slott
Død 3. desember 1839 (71 år)
Amalienborg slott
Gravlagd Roskilde domkyrkje i Roskilde
Føregjengar Kristian VII
Etterfølgjar I Danmark: Kristian VIII
I Noreg: Kristian Frederik
Gift med Marie Sofie Frederikke av Hessen-Kassel
Dynasti Huset Oldenburg
Motto Gud og den retfærdige sag
Born Caroline (1793-1881)
Vilhelmine Marie (1808-1891)

Fredrik VI (dansk: Frederik VI) (28. januar 17683. desember 1839) var konge av Danmark frå 1808 til 1839 og av Noreg frå 1808 til 1814. I røynda regjerte han frå 1784.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Fredrik var son til Christian VII og Caroline Mathilde. Han vart fødd på Christiansborg slott. Far hans var sinnssjuk og mora vart forvist frå hovudstaden då Fredrik var fire år gammal. Guten voks sidan opp under oppsyna av enkedronninga Juliane Marie.

Fredrik vart den røynlege regenten over Danmark frå 1784, då han i samråd med progressive opposisjonelle hoffolk utmanøvrerte Ove Høegh-Guldberg.[1] Etter dette kuppet vart Fredrik i 1784 teke opp i statsrådet. Fram til 1808 var han kronprinsregent. Som fungerande regent iverksette han ymse reformer, med støtte frå A.P. Bernstorff, juristen Christian Colbjørnsen og brørne Christian og Ludvig Reventlow. Mellom anna var bønder i Danmark løyst frå stavnsbandet, og mange vart sjølveigarar. Stavnsbandet vart opphevda den 20. juni 1788. Bøndene vart frie statsborgarar, og kunne i prinsippet reise dit dei ynskte.

Krigsallianse[endre | endre wikiteksten]

I 1804 vart Napoleon Bonaparte keisar av Frankrike, og i dei fylgjande åra erobra han størsteparten av det europeiske fastlandet i Napoleonskrigane. Berre Storbritannia og Russland heldt stand av dei store monarkia. I 1807 allierte Russland seg med Storbritannia. Storbritannia kravde at Danmark skulle gå med alliansen mot Frankrike. Om ikkje så skjedde så måtte dei danske marineskipa verte utleverte til britane. Danmark nekta å godta vilkåra, og den britiske flåten gjekk til åtak på København. Etter tre døgns bombardering kapitulerte byen. Under tvang utleverte ein den danske flåten. Kronprins Fredrik gjekk to månadar seinare inn i eit forbund med Frankrike. Forbundet skulle få mykje å seie for Danmark og for Noreg.

Etter at faren Christian VII døydde i 1808 vart Fredrik VI konge også i namnet. Då Napoleon i 1812 gjekk til åtak på Russland var russarane alliert med Storbritannia. Sverige gjekk også med i alliansen, etter å ha fått løfte om å få Noreg som erstatning for Finland. Russland hadde erobra Finland i 1809. Russland prøvde å få Danmark med i alliansen, men Fredrik sa nei då den russiske tsaren stod fast på at Sverige skulle få Noreg. Danmark under Fredrik VI var det siste kongeriket som var alliert med Napoleon.

For å halde på Noreg, sende kong Fredrik arveprinsen Kristian Fredrik av garde som statthaldar. Ein kort periode i 1814 var Kristian Fredrik konge av Noreg, før Noreg vart pressa til å gå inn i ein personalunion med Sverige.

Konge over Dannmark[endre | endre wikiteksten]

Etter Napoleon leid nederlag og vart fjerna som herskar over Frankrike, vart Danmark under Fredrik VI den 15. januar 1814 tvungen til inngå Kieltraktaten med Storbritannia og Sverige. Ved denne avtalen vart Noreg avstått til Sverige etter 444 års personalunion og seinare ledveldestatus under kongen av Danmark-Noreg.

Konge over Noreg[endre | endre wikiteksten]

Fredrik VI grunnla i 1811 Universitetet i Oslo, under namnet "Det kongelige Frederiks Universitet" (latin: Universitas Regia Fredericianum). Universitetet hadde dette namnet fram til 1936, då det skifta namn til Universitetet i Oslo (Universitas Osloensis).

Familie og død[endre | endre wikiteksten]

Den 31. juli 1790 vart kronprins Fredrik vigd på Gottorp Slott til Marie Sofie Frederikke af Hessen-Kassel, dotter av landgreve Karl av Hessen. Dei fekk åtte born, to døtrer voks opp medan seks av borna døydde i spedabarnsalderen. Frederik var den siste kongen som hadde ei "offisiell" elskarinne; Bente Rafsted.

Fredrik VI døydde den 3. desember 1839Amalienborg slott og vart gravlagd i Fredrik V-kapellet i Roskilde Domkyrkje. Han vart etterfylgd av Christian VIII (Kristian Fredrik).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ståle Dyrvik: Norsk historie 1625—1814 Det Norske Samlaget 1999 ISBN 82-521-5546-4