Fredrikshamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fredrikshamn
Hamina (fi.)
Våpen Kart
Fredrikshamn sitt våpen Kart
Fakta
Len: Södra Finlands län
Landskap: Kymmenedalen
Flatevidd (landjord): 630,65 km²
Innbyggjartal: 21 956 (31.12.2005)
Folketettleik: 34,8 innb./km²
Postnummer: 49400 - 49980
Retningsnummer: 05
Ordførar: Hannu Muhonen (rådmann), Kalervo Tulokas (kommunestyre)
Språk: finsk
Heimesida til kommunen


Fredrikshamn (fi. Hamina) er ein by i landskapet Kymmenedalen sør i Finland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Prestegjeldet som Fredrikshamnvart grunnlagt i, Veckelax, er nemnd i kjeldene for første gong i 1336. Staden fekk stapelstadsrätter i 1653. Byen vart kalla Veckelax Nystad.

I 1723 vart Fredrikshamn grunnlagt, og bygd som ein sirkel. Samtidig byrja dei å byggje eit festningsverk rundt byen. I 1743 vart Fredrikshamn overført til Russland som ein del av avtalen i Åbofreden. Som resultat av dette fek byen nytt namn, Friedrichshafen. I staden for Fredrikshamn vart Lovisa grunnlagt som ny grenseby mot Russland.

I 1809 vart fredsavtalen mellom Finland og Russland underteikna her, den såkalla Freden i Fredrikshamn. I 1812 vart Fredrikshamn, i lag med resten av Viborgs län ført tilbake til Finland, som då i alle fall hadde vorte ein del av Russland.

I 1821 vart byen råka av ein brann som øydela sentrum av byen. I 1840 brann det på ny, og i 1841 vedtok byen ein ny byplan med breiare gater.

Våpen (fram til 31.12.2002)

Under vinterkrigen vart Fredrikshamn råka av russisk bombing, og etter krigen i 1940 bygde dei opp bydelen Ruotsinkylä (‘Sveriges by’) med trehus som vart gjevne som gåve frå Sverige. Byen vart også bomba under fortsetjingskrigen, og til saman vart over 60 bygningar øydelagde under bombingane i 1939–1944.

Den 1. januar 2003 vart Veckelax, landkommunen rundt Fredrikshamn, slått saman med bykommunen.

Stader å sjå[endre | endre wikiteksten]

Rådhuset

Venskapskommunar[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]




Kommunar i landskapet Kymmenedalen
Fredrikshamn | Iitti | Kotka | Kouvola | Miehikkälä | Pyttis | Virolahti