Fredriksvern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fredriksvern: Til venstre verkstadbygning. I bakgrunnen vakt og kommandantbustad.

Fredriksvern, tidlegare orgolgsverft og marinestasjon, ligg i Stavern i Vestfold fylke, og vart reist på kongeleg ordre i 1750 under namn av Fredriksværn Værft for bygging av galeiar. Som vern vart det reist voll, citadell og seks batteri mot sjøsida, og mot landsida vart det 1788–90 bygd tre blokkhus. Fredriksvern var hovudstasjon for Marinen fram til 1850, då verftet vart flytta til Karljohansvern i Horten, som 1818 var valt til ny hovudstasjon. I 1816 vart det bestemt å opprette ein norsk sjøkrigsskule, Søcadet-Institut, i Fredriksvern, som opna 1817 og låg her til han 1864 vart flytta til Horten.

Fredriksvern vart lagt ned som marinestasjon og anlegga vart tekne over av Hæren i 1896. Anlegget vart brukt som øvingsplass for Krigsskolen inntil Luftvernregimentet tok over i 1934. Tyskarane bygde eit kystbatteri ved Rakke og hadde forlegning i Stavern 1940–45. I 1946 tok Luftvernartilleriet igjen over anlegga, som vart utvida til skulesenter for Luftforsvaret. Luftforsvarets skulesenter vart lagt ned i 2002.

I dag vert anlegget forvalta av Forsvarsbygg ved Nasjonale Festningsverk. Blant fleire verksemder på Fredriksvern finst Justissektorens kurs- og øvingssenter, Sjøheimevernet og Redningsselskapet. Det er etablert fleire galleri og museum på området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]