Fredsmonumentet i Karlstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredsmonumentet i Karlstad

Fredsmonumentet er ei statue på Stora Torget i Karlstad i Värmland til minne om Unionsoppløysinga av unionen mellom Noreg og Sverige i 1905. Statuen er laga av Ivar Johnsson og vart avduka 23. september 1955. Tilstades ved avdukinga var dåverande Kronprins Olav og Sveriges konge Gustav VI Adolf. Statua står like ved Frimurarlosjen der avtalen om unionsoppløysing vart skriven under. Initiativet til reising av stutua kom frå Värmlandskretsen av Foreningen Norden.

Statua er laga i bronse og forestiller ein triumferande kvinneskapnad som står med den eine foten på eit soldathovud og i hendene har ho eit brukke sverd. Til statua var det òg 2 figurar i granitt som heldt respektive Noregs og Sveriges riksvåpen. Desse vart i 1995 plasserte utanfor Frimuranlosjen.

På sokkelen står følgande innskrift i gull:

Rest av Värmlänningar 1955 femtio år efter svensk-norska unionens fredliga upplösning

Fejd föder folkhat, fred främjar folkförståelse

Statua blir av mange oppfatta som stygg og upassande og det er fleire som opp igjennom åra har villa fjerne den.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Upptäck konsten i Karlstad, 4. opplag, 2011