Free Four
| Free Four Singel av Pink Floyd frå albumet Obscured by Clouds |
||
| B-side | «Stay» (US) «The Gold It's in the...» (Italia) |
|
|---|---|---|
| Utgjeve | 10. juli 1972 | |
| Innspelt | februar-mars 1972 Château d'Hérouville i Pontoise i Frankrike |
|
| Sjanger | Progressiv rock, power pop | |
| Lengd | 4:16 3:30 (US singel) |
|
| Selskap | Harvest | |
| Låtskrivar(ar) | Roger Waters | |
| Produsent | Pink Floyd | |
| Pink Floyd-kronologi | ||
| «One of These Days» (1971) |
Free Four | «Money» (1973) |
«Free Four» er ein song av Pink Floyd skriven og sungen av Roger Waters, frå albumet Obscured by Clouds. Tittelen er henta frå den tradisjonelle opptellinga i starten av mange rockesongar: «one, two, three, four!». Bandet startar òg denne songen på same måte, men seier i staden «one, two, FREE, FOUR!». Songen omhandlar tema som Waters ofte kom tilbake til på seinare album, blant anna dødsfallet til faren og dei «onde» kreftene i plateindustrien. Det er òg referansar til Syd Barrett med tekstlinja «So all aboard for the American Tour... and maybe you'll make it to the top....and mind how ya go and I can tell ya 'cos I know, ya may find it hard to get off.»
Songen har ein lett tone gjennom versa, men under gitarsoloen vert songen overraskande tyngre med ein progresjon som liknar instrumentalen «One of These Days», og som fangar den klassiske Pink Floyd-gitarlyden. «Free Four» vart gjeve ut på singel i USA i 1972 med «Stay» som b-side, og vart spelt ein del på radio.
Medverkande [endre]
- Roger Waters - Bass, Vokal og handklapping
- David Gilmour - Gitar
- Richard Wright - Synthesiser
- Nick Mason - Trommer og perkusjon
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Free Four» frå Wikipedia på engelsk, den 16. februar 2011.