Fregetta
| Fregetta | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Procellariiformes | |
| Familie: | Hydrobatidae | |
| Slekt: | Fregetta | |
| Artar | ||
|
||
| Vitskapleg namn | ||
| Fregetta | ||
Fregetta er ei biologisk slekt i stormsvalefamilien. Desse små stormfuglane lever sirkumpolart på den sørlege halvkula. Dette er to nokså like artar, ca. 20 centimeter lange, mørk overside og hovud, kvit overgump, underside og underside av vengene. Svartbukstormsvala skil seg frå systerartane ved at beina ikkje stikk ut bak halen i flukt og ved ei svart stripe langs buken.[1]
Ein art i slekta, maoristormsvale, har tidlegare vore rekna som utrydda og har truleg berre ein svært liten populasjon. Ho var tradisjonelt klassifisert i slekta Oceanites, men i Clementslista blei ho sett inn i Fregetta frå 2012.
Artar[endre]
Fregetta i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]
- Kvitbukstormsvale, Fregetta grallaria
- Maoristormsvale, Fregetta maorianus
- Svartbukstormsvale, Fregetta tropica
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Fregetta» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2012.
Referansar[endre]
- ↑ Barrie Heather and Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 7. januar 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)