Frei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frei
Geografi
NO 1556 Frei.svg
Stad Nordmøre
Koordinatar 63°03′N 07°48′EKoordinatar: 63°03′N 07°48′E
Areal 62,5 km²
Høgaste punkt Freikollen (629 moh.)
Administrasjon
Land Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Største busetnad Rensvik (2118 innb.)
Kommunevåpenet til Frei kommune føre samanslåinga med Kristiansund.

Frei er den største øya i Kristiansund kommune i Møre og Romsdal, med eit areal på 62,5 km². Største tettstad er Rensvik med 2118 innbyggjarar (2003). Det høgaste punktet på Frei er Freikollen, 629 moh.

Frei er òg ein tidlegare kommune. Han grensa til Kristiansund kommune i nord og var elles omgjeven av fjordar og sund. I søraust ligg Tingvoll kommune, i sør Gjemnes kommune og i vest Averøy kommune.

Den 1. januar 2008 vart Frei kommune samanslegen med Kristiansund kommune. Dette vart vedteke i folkeavstemming der 1 330 stemte for og 1 252 stemte imot.

Innbyggjartalet i 2007 var ca 5 428. Administrasjonssenteret var Rensvik.

Innhaldsliste

Folketalsutvikling [endre]

Folketalsutvikling for tidlegare Frei kommune frå 1964 til 2007:

1.1.1964[1] 1.1.1971[1] 1.1.1981[1] 1.1.1991[1] 1.1.2001[1] 1.1.2007[1]
2369 2599 4204 4893 5187 5428

Natur [endre]

Topografi [endre]

Øyar og holmar [endre]

Fjell og åsar [endre]

Vatn [endre]

Fotnotar [endre]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Folkemengd i Frei 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Frei
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.