Freiberger Mulde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Freiberger Mulde
Freiberger Mulde nord for Freiberg
Freiberger Mulde nord for Freiberg
Utspring Erzgebirge nær Moldava i Tsjekkia
Munning Mulde
Land i nedslagsfelt Tsjekkia Tsjekkia
Tyskland Tyskland
Lengd 124 km
Renn gjennom Freiberg

Freiberger Mulde er ei elv i Sachsen i Tyskland, og ei av sideelvane til Mulde frå høgre med ei lengd på 124 km.

Ho har sitt utspring i Erzgebirge nær Moldava i Tsjekkia. Ho renn nordvestover og kryssar grensa til Tyskland etter nokre få kilometer. Vidare renn elva til Freiberg (som har gjeve namn til elva), og nordvestover gjennom Nossen, Döbeln og Leisnig. Eit par kilometer nord for Colditz renn Freiberger Mulde i hop med Zwickauer Mulde og dannar Mulde. Mulde er ei av sideelvane til Elbe.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]