Freising

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Freising
Mariendom i Freising
Mariendom i Freising
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Freising
Freising is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bayern
Oberbayern
Freising
Grunnlagd 700-talet
Geografi
Flatevidd
 - By

88,45 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

46 437
  525/km²
Koordinatar 48°24′0″N 11°45′0″EKoordinatar: 48°24′0″N 11°45′0″E
Høgd over havet 448 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 85354, 85356
Telefon-retningsnummer 08161
Bilnummer FS
Heimeside: www.freising.de

Freising er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 45 000 innbyggjarar. Han er administrasjonssete landkreisen med same namn. Byen ligg nord for München ved elva Isar, nær Franz Josef Strauß internasjonale flyplass. Når ein landar på denne flyplassen ved München kan ein sjå byen i nord med sine to kjende åsar, domkyrkjeåsen med slottet til biskopen og Mariendom og åsen Weihenstephan med det eldste bryggeriet i verda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

St. Peter og Paul krigsminne

Sjølv om ein har funne arkeologiske funn frå bronsealderen i området, har ein ikkje funne spor som viser vedvarande busetnad her før på 700-talet. St. Korbinian slo seg ned ved eit helgenskrin som alt eksisterte i Freising i 724. Han var forløparen til bispedømet Freising som vart oppretta etter hans død av St. Bonifatius. I følgje hans Vita av biskop Arbeo tvinga han ein bjørn til å bere bagasjen sin over Alpane etter at han hadde tatt livet av pakkhesten hans. Den sadla bjørnen er framleis eit symbol på byen, som mellom anna vert vist på byvåpenet, sjølv om sete for bispedømet vart flytta til München i 1821. Administrasjonen for bispedømet held derimot framleis til i Freising.

I 764-783 oppretta biskop Arbeo eit bibliotek og eit scriptorium ved klosteret, og busetnaden utvikla seg til eit religiøst senter.

I 996 fekk Freising byrettar av keisar Otto III. Etter at München vart grunnlagd 40 km lenger sør rundt 1150 vart Freising mindre økonomisk viktig. I 1159 vart den romanske domkyrkja bygd (med ei dyresøyle i krypten).

Under sekulariseringa i 1803 mista den romersk-katolske kyrkja mange av eigedomane sine og makta i byen.

Pave Benedikt XVI studerte i byen, var erkebiskop av München og Freising frå 1977 til 1982, og fører både byen sitt våpen og landkretsen sitt i sitt pavelege våpen.

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Freising

Kjelder[endre | endre wikiteksten]