Frekvens i statistikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Frekvens i statistikken er antal gonger ein observasjon førekjem i ei måling. Dersom ein for eksempel har spurt ungar om kva som er yndlingsfargen deira og 14 har svara raud, har «yndlingfarge raud» frekvensen 14 i denne målinga. Frekvens kan i tillegg til slike diskrete variablar òg brukast om kontinuerlege, for eksempel antalet personar som har høgde mellom 175 og 180 cm i ei måling.

Frekvens blir ofte vist i søylediagram, histogram eller kakediagram.

Frekvens framstilt med eit histogram. Histogrammet viser frekvensen av talet på element i kanjiteikn.
Frekvens framtilt med farge på eit kart. Ein intens farge, som raud, viser til høg frekvens. Framstillinga viser talet på lynnedslag i løpet av eit år.