Frelsaren Kristus-katedralen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 55°44′40.114″N 37°36′20.855″E

Frelsaren Kristus-katedralen ved Moskvaelva i føregrunnen.

Frelsaren Kristus-katedralen (russisk Хра́м Христа́ Спаси́теля - Khram Khrista Spasitelja) er ein katedral i Moskva i Russland. Ho ligg ved Moskvaelva og er den høgaste russisk-ortodokse kyrkja i verda.

Katedralen vart innvigd ved kroninga av tsar Aleksander III i 1883. Etter Oktoberrevolusjonen vart det derimot avgjort at tomta skulle nyttast til eit nytt palass til ære for sovjetarane, og katedralen vart rive. Det vart aldri noko av palasset, og tomta vart i staden nytta til eit symjebasseng.

Like før Sovjetunionen fall vart det avgjort at katedralen skulle byggast opp att. I 2000 stod den gjenoppbygde katedralen ferdig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Frelsaren Kristus-katedralen