Fri energi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fri energi er ein termodynamisk tilstandsfunksjon, definert ved likninga

F = U − TS

der F er den fri energien til systemet, U er den indre energien til systemet, T den absolutte temperaturen til systemet og S entropien til systemet.

Ved isoterme, reversible prosessar er det største arbeidet ein kan få ut av prosessen, lik endringa i fri energi ΔF. Av tabellar over fri energi kan ein rekne seg fram til likevektstilstandar for eit system.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]