Fridomssosialisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fridomssosialisme eller libertær sosialisme blir bruka som samnamn for visse venstrepolitiske ideologiar som går imot toppstyring for å verkeleggjere sosialismen, og imot lovforbod for å løyse alle moglege sosiale problem.

Framfor alt anarkisme og syndikalisme brukar å bli skildra med dette ordet. Men fridomssosialisme finn ein òg i laugssosialistiske og meir marxistisk prega straumdrag.

Fridomssosialismen er kjenneteikna av eit organisasjonssyn der makta i størst mogleg mon skal byggjast nedanfrå. Konkret brukar dette innebere at ein går inn for ei desentraliséring av makta og utprega innslag av direkte- eller deltakardemokrati. Dermed finst det her ein kritikk mot hierarkisk og sentralistisk statsmakt og ein meiner at det parlamentariske representative demokratiet bør supplérast av ordningar og organ for meir direkte demokrati.

Talspersonar for fridomssosialismen er sterkt kritiske til autoritære kommunistar som leninistar, stalinistar og maoistar.

I Sverige finn ein folk som arbeider for fridomssosialisme i Sveriges Arbetares Centralorganisation (anarkosyndikalistar) og i foreininga Vegval Vänster som er knytt til Vänsterpartiet.

I Noreg finn ein fridomssosialistar først og fremst i Sosialistisk Venstreparti, eit parti som blant anna ikkje har eksklusjonsparagraf, fordi ein slik paragraf kan misbrukast av sentralleiinga i eit parti for å kneble fri debatt og stengje ute kritikarar, slik det har skjedd fleire gonger i Det norske Arbeidarpartiet og kommunistiske parti. Eksklusjonsparagrafar, fraksjonsforbod og andre hersketeknikkar er sjølvsagt i motstrid til fridomssosialismen.

Kjelde: I hovudsak svensk Wikipedia, art. Frihetlig socialism.


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]