Fridomsgudinna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fridomsstatuen)
Fridomsgudinna slik ho er å sjå for dei som står framfor ho.
Fridomsgudinna sett frå framsida.
Foto: Derek Jensen
Isabella Eugenie Boyer (1841-1904) skal ha tent som modell for fridomsgudinna.
Skjelettet til statuen, slik det var planlagt i 1885.
Propagandaplakat frå 1917 og første verdskrigen set fridomsgudinna i samband med patriotisk støtte.
Fridomsgudinna har vore nytta for å symbolisere at den amerikanske fridommen er truga av anarkistiske terroristar. Avisteikning frå 1919.

Fridomsgudinna (engelsk Statue of Liberty, eller formelt Liberty Enlightening the World, 'Fridommen opplyser verda') er ein kjempemessig statue som står på Liberty Island (Fridomsøya) i munningen av Hudson-elva i hamna i New York i USA. Fleire millionar innvandrarar til USA har sett denne statuen som det fyrste dei såg av USA etter å ha kryssa Atlanterhavet, og statuen er etter kvart blitt eit kjent symbol for fridom, demokrati og landet USA sjølv.

Fridomsgudinna er forma etter mønster av gudinna Libertas (fridom) i romersk mytologi som ei kvinne kledd i fotsid drakt, med ei krone på hovudet som solstrålane stikk ut frå, i si høgre hand ein fakkel med høg flamme som ho held opp mot himmelen, og under føtene slaveriets lenker som ho tråkkar på. I venstre hand held ho ei tavle som representerer den amerikanske sjølvstendeerklæringa. På tavla står det skrive «July IV MDCCLXXVI» (4. juli 1776), datoen då sjølvstendeerklæringa blei underskriven. Statuen blei avduka 28. oktober 1886 i nærvære av USAs president Grover Cleveland i samband med feiringa av hundreårsjubileet for den amerikanske sjølvstendeerklæringa.

Statuen var ei gåve til det amerikanske folket frå det franske folket som eit symbol på vennskapen mellom dei to landa. Ideen til denne gåva var lansert i 1865 av den franske juristen Édouard de Laboulaye, professor på Collège de France, og i 1871 blei den franske skulptøren Frédéric Auguste Bartholdi tiltrudd oppgåva med å realisere prosjektet.

Utforminga[endre | endre wikiteksten]

Statuen av fridomsgudinna blei teikna av bilethoggaren Frederic Bartholdi og er framstilt i kopar over eit stålskjelett konstruert av den franske ingeniøren Gustave Eiffel. Arkitekten Eugène Viollet-le-Duc tenkte seg at statuen kunne formast av koparplater som vart forma ved å hamrast ut frå baksida, og då han døydde i 1879, vende Bartholdi seg til ingeniør Gustave Eiffel (ingeniøren som i vår tid er vidgjeten for Eiffeltårnet) for å få konstruert stålskjelettet som dei hamra koparplatene skulle festast til. Delane som statuen er samansett av, var ferdiglaga, tilpassa og samanmonterte i Frankrike i 1884, og demonteringa for å frakte statuen til New York tok til i februar 1885. Det var semje mellom Frankrike og USA om at USA skulle syte for å byggje sokkelen som statuen skulle stå på, medan Frankrike skulle lage statuen, frakte han over havet og montere han på sokkelen. Men på båe sider av Atlanterhavet oppstod det finansielle problem som måtte løysast før alt var på plass.

Statuen måler 46 meter, og steinsokkelen er 47 meter høg. Nasen på figuren er 120 cm lang. Den norsk-amerikanske ingeniøren Joachim Gotsche Giæver var ansvarleg for den berande konstruksjonen.


Fridomsgudinna som verdsarv og turistattraksjon[endre | endre wikiteksten]

Fridomsgudinna blei frå 15. oktober 1924 rekna til National Historic Landmarks i USA, og har stått på UNESCOs verdsarvliste sida 1984. Ho er ein populær turistattraksjon og innsida er normalt open for vitjande. I sjølve sokkelen finst eit museum, medan ein kan ta trapper eller heis opp til statuekrona, som har opningar som ein kan sjå utover hamneområdet i New York gjennom. Tidlegare kunne ein også klatra i ein stige opp den høgre armen mot fakkelen, men dette er blitt stengt for andre enn dei tilsette ved statuen.

Kopiar[endre | endre wikiteksten]

Kopiar av statuen finst i ulike storleikar fleire stadar i verda, mellom anna i Paris, Hanoi, Bordeaux, Osaka, Visnes og Colmar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]