Fridtjof den frøkne
Fridtjof den frøkne er ei soge med utgangspunkt i dei islandske sogaskriftene frå 1300-talet. Soga tek utgangspunkt i Fridtjofs kamp for å få gifta seg med Ingebjørg. Det knyter seg to framstillingar til Fridtjov den frøkne. Esaias Tegnèrs romantiske skildring frå 1820 - 25, og Ivar Aasens omsetjing frå 1858, prenta som tilleggshefte til bladet Folkevennen. Frå denne omsetjinga til nynorsk går det fram at Kong Bele hadde sete i Baldershagen på Systrond (Leikanger).
Dei to sønene hans spela ei vesentleg rolle i dette kjærleiksdramaet mellom dottera til Kong Bele, Ingeborg den fagre, og Fridtjov den frøkne. Far til sogehelten heitte Torstein og var Vikings son frå Orknøyane. Han budde rett over fjorden frå Systrond, staden blir omtalt som Framnes. Denne plassen heiter i dag Vangsnes, men rett over for Leikanger ligg likevel Feios. Fridtjov den frøkne og Ingeborg voks opp som fostersysken hos ein god bonde inne i Sogn med namnet Hildeng. Denne dramatiske historia som i Ivar Aasens versjon har blitt prega av realismen, er bakgrunnen for at statuen på Vangsnes vart reist.
I 1913 reiste keisar Wilhelm II av Tyskland statuen på Vangsnes. Statuen er 10,5 meter høg, og på 12 meter høg sokkel strekkjer den seg 22,5 meter til vers.
[endre] Referansar:
- Soga om Fridtjov den frøkne. Norrøne Bokverk. Det Norske Samlaget 1976
- [1] NRK Fylkesarkivet vitja 10.februar.2008
- [2] NRK Fylkesarkivet vitja 10.februar.2008
[endre] Bakgrunnsstoff
- Friðþjófs saga ins frækna på norrønt