Frieda Dänzer
Frieda Dänzer (fødd 16. november 1931) frå Adelboden i Sveits, er ein tidlegare skirennar. Ho vann den alpine kombinasjonen (slalåm/utfor) under verdsmeisterskapen i 1958, og tok til saman fem medaljar under vinter-OL 1956 og den alpine verdsmeisterskapen 1958.
Aktiv [endre]
Dänzer fall i januar 1950 og pådrog seg et komplisert brot i høgrebeinet, ein skade det tok eit halvt år å lækje. Ho kom snøgt tilbake på det sveitsiske landslaget, men fekk ikkje plass i VM-troppen til verdsmeisterskapen 1954 i Åre, trass i at ho like før VM hadde vorte sveitsisk meister i utfor i Wengen.
Under vinter-OL 1956 Cortina d'Ampezzo vann Dänzer sølvmedaljen i utfor bak landsmanninna Madeleine Berthod. Også i den alpine kombinasjonen i tok ho sølv i 1956, det var då ei VM-øving. To år seinare vart Dänzer den store utøvaren mellom dei kvinnelege alpinistane under VM i alpint 1958 i Bad Gastein. Ho tok medalje i tre av de fire greinene, og vart verdsmeister i kombinasjonen. I utfor fekk ho sølv bak Lucille Wheeler frå Canada, same Wheeler vann også storslalåmtevlinga der Dänzer kom på bronseplass.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Resultatoversikt hos FIS (engelsk)
- Denne artikkelen bygger på «Frieda Dänzer» frå Wikipedia på tysk, den 14. januar 2012.