Friedrich August Rutowski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Friedrich August Rutowski

Friedrich August Rutowski (19. juni 170216. mars 1764) var ein saksisk generalfeltmarskalk og uekte son av August den sterke og den tyrkiske elskarinna hans Fatima (seinare Maria Anna von Spiegel). Han vart anerkjend av faren i 1724.

Friedrich August vart oppdregen i Paris og ved det sardinske hoffet. 26. mai 1727 gjekk han inn i den saksiske hæren som generalmajor, og kort etter gjekk han i prøyssisk teneste. Frå 1729 var han igjen i saksisk teneste. Han deltok dei neste åra i felttog i Polen og ved Rhinen under den polske arvefølgjekrigen. 1. januar 1736 vart han forfremma til generalløytnant og kommandant for Garde du Corps. I denne stillinga leia han den saksiske kontingenten i krigen mot tyrkarane i Ungarn.

21. april 1738 vart han general for kavaleriet og 9. august 1740 vart han guvernør i Dresden og kommandant for livgrenadergarden. 10. august same år vart han Obristhaus- und Landzeugmeister og 10. januar 1742 følgde utnemninga til sjef for eit dragonregiment.

Under den første schlesiske krigen kommanderte han dei saksiske troppane i Böhmen og deltok i storminga av Praha. I 1745 kommanderte han troppane som var tilbake i Sachsen. 15. desember 1745 kommanderte han dei saksiske troppane under slaget ved Kesselsdorf, der den saksiske armeen leit eit avgjerande nederlag mot Leopold I av Anhalt-Dessau i den den andre schlesiske krigen.

6. januar 1746 vart han utnemnd til general en Chef og 11. januar 1749 til feltmarskalk. Under fredsåra som følgde, lukkast det han ikkje å få statsministeren, grev Brühl, frå planane om å redusere hæren kraftig. Under sjuårskrigen måtte han overgje den vesle saksiske hæren på berre 18 100 mann til Fredrik den store. Under krigsåra heldt Rutowski seg i Sachsen, og gav etter freden i Hubertusburg den 8. mars 1763 avkall på dei militære titlane sine.

Han døydde 16. mars 1764 i Pillnitz.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Friedrich August Rutowski

Kjelder[endre | endre wikiteksten]