Friedrich Ebert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Friedrich Ebert

Fødd4. februar 1871
Heidelberg
Død28. februar 1925 (54 år)
Statsborgar avStorhertugdømmet Baden, Tyskland
PartiSozialdemokratische Partei Deutschlands
Yrkepolitikar
InstitusjonarBremer Citizen newspaper
MorKatharina Ebert
FarKarl Ebert
EktefelleLouise Ebert
BarnFriedrich Ebert junior, Karl Ebert
MedlemHovedstyret for tyske fagforeninger
Dei folkevalgtes råd
Nasjonalforsamlingen i Weimar
Alle verv

Friedrich Ebert (fødd 4. februar 1871 i Heidelberg, daud 28. februar 1925 i Berlin) var ein tysk fagforeiningsmann, politikar (SPD) og statsmann. Han overtok etter prins Maximilian av Baden som tysk rikskanslar i 1918, og var Tysklands første president frå 1919 til 1925.

Politisk virke[endre | endre wikiteksten]

Ebert var først aktiv i fagrørsla og seinare i SPD, der han blei ein av leiarane av den «revisjonistiske» (reformistiske) fraksjonen. I 1905 vart han generalsekretær og i 1913 partileiar.

I august 1914 fekk Ebert partiet til å stemme for å gje regjeringa krigskredittar, og aksepterte at krigen var ei naudsynt patriotisk forsvarshandling. Partiets politikk under leiing av Ebert og likesinna som Philipp Scheidemann førte til at partiet vart splitta, da venstrefløya grunnla USPD i 1917.

I 1918 vart den liberale prins Maximilian av Baden rikskanslar for ei regjering der Ebert og andre sosialdemokrater òg var medlemer. Etter den tyske revolusjonen braut ut i november 1918 overlet prins Maximilian den 9. november regjeringsmakta til Friedrich Ebert, som vart Tysklands første sosialdemokratiske regjeringssjef. Sjølv om keisaren hadde abdisert gjekk Ebert inn for å oppretthalde monarkiet med ein annan monark. Likevel proklamerte Scheidemann på eige initiativ Tyskland som republikk som svar på uroa i Berlin og for å motverke ein «sosialistisk republikk» proklamert av Karl Liebknecht seinare same dagen. Scheidemanns erklæring førte til slutten på det tyske monarkiet, og ei rein sosialdemokratisk regjering leidd av Ebert tok makta. Ebert aksepterte berre svært motvillig Schneidemann si handling.

Som rikskanslar brukte Ebert hæren og dei sterkt høgreorienterte frikorpsa for å slå ned sosialistiske oppreister i Tyskland.

Nasjonalforsamlinga i Weimar valde Ebert i 1919 til tysk president, og han blei sittande til sin død. I 1923 kritiserte han sitt eige parti for å forlate koalisjonsregjeringa til Gustav Stresemann.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Friedrich Ebert