Friedrich Fröbel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Måleri av Friedrich Fröbel

Friedrich Willhelm August Fröbel (1782-1852) var ein tyskar, som i 1840 fyrst brukte ordet kindergarten (barnehage) om leik- og aktivitetsinstituttet for unge barn han grunnlagde i Bad Blankenburg i 1837.

Han oppfann også fleire leiker, mellom anna dei såkalla Fröbel Gaben, eller fröbelgåver. Fröbelgåvene var samansette av diverse geometriske figurar som kunne setjast saman til større figurar. Den kjende amerikanske arkitekten Frank Lloyd Wright har sjølv sagt at han vert påverka i stor grad av å leike med fröbelgåver.

Fröbel si store innsikt var kor viktig det er med aktivitet i eit barn si oppvekst. I den fyrste barnehagen hadde ein leikar som song, dans, hagearbeid og leik med fröbelgåver.