Friedrich Heinrich von Seckendorff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Friedrich Heinrich von Seckendorff
Minnesmerke for Seckendorff ved slottet i Königsberg.

Friedrich Heinrich Reichsgraf von Seckendorff (5. juli 167323. november 1763) var ein austerriksk feltmarskalk og diplomat i teneste for den habsburgske keisaren av Austerrike.

Han vart fødd i Königsberg i Bayern i den adlege Seckendorff-familien. Faren var offentleg tenestemann i Sachsen-Gotha og nevøen hans var Veit Ludwig von Seckendorff. Han studerte juss i Jena, Leipzig og Leyden.

Tidleg militærkarriere[endre | endre wikiteksten]

Seckendorff starta den militære karrieren i 1693 i ein alliert hær kommandert av Vilhelm III av England, før han vart ein infanterioffiser i teneste for Republikken Venezia, og i 1697 for markgrevskapet Ansbach. Han tente under fyrst Eugene av Savoie i den store tyrkiske krigen.

I 1699 gifta Seckendorff seg og returnerte til Ansback som slottsoffiser, men då den spanske arvefølgjekrigen braut ut vart han igjen kalla til felten som oberstløytnant i regimentet til Ansbach, som var under nederlansk kommando. Her utmerkte han seg under slaget ved Blenheim og han vart forfremma til oberst og medverka i slaga ved Ramillies og Oudenaarde, samt omleiringa av Lille.

Etter dette vart han skuffa då han ikkje vart forfremma i Nederlanda og Austerrike og gjekk inn i teneste hos kong August II av Polen som generalmajor. Her kommanderte han kongen sine saksiske troppar i Flandern, og kjempa i omleiringa av Tournai og slaget ved Malplaquet. Som den polske utsendingen til Haag deltok han i forhandlingane som førte til Utrecht-traktaten i 1713 og same året slo han ned eit opprør i Polen. Som generalløytnant kommanderte Seckendorff saksiske troppar i 1715 under slaget ved omleiringa av Stralsund mot kong Karl XII av Sverige.

Seckendorff gjekk så tilbake i teneste for keisaren som Feldmarschallleutnant i 1717. Under Eugene av Savoie sin kommando kommanderte Seckendorff to regiment frå Ansbach mot Det osmanske riket ved Beograd. I 1718 kjempa han mot SpaniaSicilia med suksess og fekk tittelen Reichsgraf i 1719, og to år seinare Feldzeugmeister.

Diplomati[endre | endre wikiteksten]

I 1726 vart Seckendorff keisaren sin ambassadør i Berlin i Preussen. Her fekk han tillit hos kong Fredrik Vilhelm I av Preussen. Kongen og diplomaten hadde kjempa side om side i den spanske arvefølgjekrigen. Seckendorff hadde smurt statsministeren, Joachim Ernst von Grumbkow, med ein austerriksk pensjon.[1] For å hindre eit mogeleg giftarmål mellom kronprins Fredrik og fyrstinna av Huset Hannover, som ville ha alliert Preussen med Storbritannia, manipulerte Seckendorff Fredrik Vilhelm og sonen slik at kronprinsen i staden gifta seg med Elizabeth Kristina av Brunswick-Bevern, eit ekteskap som var meir til nytte for Austerrike.

Dei diplomatiske kunnskapane til Seckendorff førte òg til at den pragmatiske sanksjonen vart godkjend i fleire tyske fyrstedømet, i Danmark og i Dei sameinte Nederlanda

Seinare militærkarriere[endre | endre wikiteksten]

I 1734 returnerte Seckendorff til keisarhæren og vart guvernør i Mainz. Som keisarleg general av kavaleriet i den polske arvefølgjekrigen førte han 30 000 soldatar mot franskmennene den 20. oktober 1735. I 1737 vart han kommandør og feltmarskalk i Ungarn av keisar Karl VI. Han hadde i starten suksess i den austerriksk-russiske krigen mot osmanarane, men måtte til slutt trekke styrkane tilbake over elva Sava. I Wien hadde han mange fiendar, og etter denne tilbaketrekkinga vart han kalla til Wien, stilt for retten og dømt til fengsel i Graz, som straff for det mislukka felttoget.

Keiserinne Maria Teresia sleppte Seckendorff ut frå fengselet i 1740, men nekta han noko løn. Han sa då frå seg alle verva og titlane i Austerrike. I staden gjekk han i teneste for Bayern der vart utnemnd til feltmarskalk av den nye keisaren, Karl VII. Som kommandant for den bayerske hæren frigjorde han München under den austerrikske arvefølgjekrigen, og etter ei rekkje slag i 1743 og 1744, tvinga han austerrikarane tilbake til Böhmen, før han avslutta tenesta.

Etter Karl VII døydde, forhandla Seckendorff fram ein fredsavtale mellom Austerrike og Bayern i Füssen-traktaten den 22. april 1745. Keisar Frans I av Det tysk-romerske riket gav han tilbake alle tidlegare austerrikske gradar og heidersteikn. Seckendorff trekte seg då frå vidare teneste og slo seg ned på eigedomen sin ved Meuselwitz i Thüringen. I 1757 døydde kona hans og helsa hans vart gradvis verre og verre. Fredrik den store sende hussarar som bortførde Seckendorff frå Meuselwitz i desember 1758 under sjuårskrigen. Etter å ha sete eit halvt år i Magdeburg, vart han utveksla mot Moritz of Anhalt-Dessau, som hadde vorte fanga av austerrikarane ved Hochkirch. Tilbake i Meuselwitz døydde Seckendorff i heimen sin i 1763.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ritter, s. 34